Foreldre må hengje med i svingane på unge sine mobil- og nettvanar

I ei medieverd som endrar seg omtrent frå time til time er det ei utfordring for foreldre å halde seg oppdatert på kva dei unge driv med både på mobiltelefon og skjermbrett.

Følg med på mobilbruken

LITT KONTROLL: Både Jostein Bildøy frå Barnevakten.no, forelder Ane Persdotter Østby Birkeland og helsesyster Lise Uglum Iversen meiner foreldre må hengje med i svingane på ungane sine nettvanar og mobilbruk.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det handlar om at trendane legg opp til at ein skal vere tilgjengeleg. Viss ikkje vi som vaksne startar tidleg nok med å seie at vi skal ha ei av- og ei på-tid, så blir det ei utfordring som vert større å jobbe med etter kvart som borna vert eldre, seier Jostein Bildøy, som har vore foredragshaldar i Barnevakten.no i 12 år.

Han peikar på at det gjeld både på skulen, men også i heimen.

– Foreldre prøver så godt dei kan med å tenkje ut kva dei skal gjere. Men det er ei utfordring i å hengje med på innhald og utvikling. Då er det om å gjere for foreldra å finne ut kva som er viktig å vere oppdatert på, seier Bildøy.

Snakk med borna

Han peikar på at når barna er små, må dei vaksne ta styring og kontroll.

– Når barnet vert eldre må ein lære av barnet. Når barna snakkar med andre barn, så må foreldra spørje kva dei interesserer seg for. Det er det viktig at foreldra følgjer med på, seier Bildøy.

Ane Persdotter Østby Birkeland er sjølv mor, og er samd i råda frå Bildøy.

– Det er viktig at vi som foreldre passar på og følgjer med på kva borna driv med, seier Birkeland.

Jostein Bildøy i Barnevakten.no

TILLIT: - Det handlar om å ha tillit til, men også ha ein god dialog med borna, seier Jostein Bildøy i Barnevakten.no.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ho peikar på at det ikkje alltid er lett å følgje med på alt.

– Men ein må iallfall prøve, seier Birkeland.

Ho er sjølv ein ivrig brukar av sosiale medium.

– Eg har gitt beskjed til mine born om at dersom dei skal på Facebook, så skal eg vere ven med dei. Eg vil kunne sjå kva dei skriv, og ha ein del kontroll, seier Birkeland.

Skaff alliansepartnarar

Bildøy peikar på at born skal ha rett til å utvikle seg.

– Men så lenge foreldre har myndigheitsansvar og juridisk ansvar for borna, iallfall til dei er 15 år, så må foreldre sjølve vurdere kva ein vil krevje, seier Bildøy.

Han peikar på at mange unge i dag seier at det ikkje er så viktig om foreldra følgjer dei på Facebook, rett og slett fordi mykje av aktiviteten deira skjer på andre plattformer.

– Dermed har ikkje foreldra kontroll likevel. Men det handlar om dialog og tillit, seier Bildøy.

Han fortel at ein del born slett ikkje vil ha foreldra som venner på Facebook, men har gått med på å ha til dømes ei tante eller ein onkel som venn.

– Då er det iallfall ein tryggleiksperson inne i biletet. Det er tryggleik det handlar om for dei som er unge. Skulle det skje noko, har du ein vaksen person som kan gå inn i det og sjå på det. Men ein må ha tillit og respekt, seier Bildøy.

Mange skular innfører no forbod mot bruk av mobiltelefon i skuletida.
Ein av dei er Hornindal skule, - dei meiner dette har gitt mindre mobbing og uro. 
Men ikkje alle jublar over tiltaket.

Mange skular innfører no forbod mot bruk av mobiltelefon i skuletida. Ein av dei er Hornindal skule, - dei meiner dette har gitt mindre mobbing og uro. Men ikkje alle jublar over tiltaket.

Har ansvar for det som skjer i skuletida

Både han og helsesyster i Sogndal, Lise Uglum Iversen, har vore borti tilfelle der born vert mobba gjennom mobilbruk.

– Det er ein arena der det er veldig enkelt å plage nokon. Du kan ha skjult identitet, og du seier det ikkje til dei ansikt til ansikt, seier Iversen.

Helsesystrene har tett kontakt med skulane og held føredrag om nettvett saman med lærarane.

Bildøy meiner ikkje det er å gripe for mykje inn i elevane sin kvardag å vedta mobilfri skulekvardag.

– Det er skulen som har ansvar for det som skjer i skuletida. Viss skulen ser at mobilbruk er ein distraksjonsfaktor, så har dei moglegheit til å gjere noko med det, seier Bildøy, som har 12 år bak seg i Barnevakten.no.

Han fortel at mange skular har valt å gjere som Hornindal skule, nemleg å vedta eit forbod mot mobiltelefonar på skulen.

– Det er overraskande mange, seier Bildøy.

Som foredragshaldar i Barnevakten.no reiser Bildøy rundt til skular i fleire fylke for å snakke om kva som er lurt, og kva som er mindre lurt å gjere når ein snakkar om sosiale medium, telefon og internett.

– Samfunnet vårt fortel borna våre at dei helst bør vere logga på 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Det skjer noko heile tida, og då er det vanskeleg å leggje det vekk, seier Bildøy.

Han peikar på at utviklinga går rivande fort, og det gjer at det er utfordrande å hengje med, spesielt for vaksne.

– Og det gjeld å hengje med på kva som er vår rolle, men også på det å vere førebilete for borna våre, seier Bildøy.

Iversen møter stadig oftare ungdom som ber preg av at dei brukar for mykje tid på sosiale medium.

– Det er ein aukande trend, seier Iversen.

Lag felles reglar for alle

Ho erfarer også at foreldre i aukande grad ber om råd.

– Tilgangen på alt heile tida er ofte ein årsak til aukande konflikt i heimen. Det vert mykje diskusjon om det når det gjeld grensesetjing, seier Iversen.

Ho seier at eit totalforbod er enklare å handsame.

Helsesyster Lise Uglum Iversen

SVANGERSKAPSKURS: - Alt på svangerskapskursa snakkar vi om dette med å eksponere born på sosiale medium, samt mobilbruken til foreldra, seier helsesyster i Sogndal, Lise Uglum Iversen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi rår også foreldreutvala til å ha felles reglar for kva dei vel å gjere. Til dømes kva spel borna får spele og at dei held aldersgrensene. Då vert det enklare å halde seg til, seier Iversen.

Men det er slett ikkje berre på skulen eller rundt middagsbordet mobilen skapar krøll.

Sit for mykje i ro

Alt på svangerskapskurs tek helsesystrene tak i tematikken kring mobilbruk og eksponering.

– Vi snakkar om å vere medvitne når det gjeld eksponering av born. Vi får også tilbakemelding frå fødeavdelingane om at det er mykje mobilbruk der, seier Iversen.

Ho fortel at på barselgruppa på 10 månadar har dei også skjermtid som tema.

– Då har vi ofte gode diskusjonar. Heilt fram til skulealder snakkar vi om både dataspel, PlayStation og mobilbruk, seier Iversen.

Iversen peikar på at born tidleg skaffar seg vanar. Og meir mobil- og nettbruk fører til meir stillesitjande born.

– Det heng i hop, seier Iversen.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.