Hopp til innhold

Foreldre krev ny skule i Eikefjord

Punkterte vindauge, mugg og sopp har fått begeret til å renne over for foreldra til elevane ved Eikefjord barne- og ungdomsskule. No krev dei ny skule straks.

Kristen Stæger-Breisnes ved eit vindauge på Eikefjord barne- og ungdomsskule

HAR FÅTT NOK: Leiar i FAU ved Eikefjord barne- og ungdomsskule seier foreldra no har fått nok. Dei krev ein ny skule for ungane sine.

Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

Foreldrearbeidsutvalet (FAU) varslar no ei tøffare linje mot politikarane i Flora kommune, skriv Firdaposten. Dei kan ikkje leve med at skulen har den standarden den har i dag.

Dei viser mellom anna til at fleire vindauge på skulen er punkterte og at mugg og sopp er å finne i både veggar og vindaugskarmar. FAU ved skulen meiner dette er tydelege teikn på at inneklimaet for elevane ikkje er godt nok.

Foreldra viser vidare til at Eikefjord skule er den einaste skulen i kommunen som ikkje har blitt rehabilitert og oppjustert. Dette krev dei at det blir gjort noko med.

– Gje elevar og tilsette ein skule dei kan vere stolte av, er den klare beskjeden frå FAU-leiar Kristen Stæger-Breisnes.