- Det vi ber om er ein gangveg. Det har vore ein del nestenulukker, og om morgonen er det litt for mange ungar og bilar på same vegen. Det blir nok ikkje lett å få vekk bilane, men ein kunne bygd ein gangveg, seier leiar i foreldreutvalet, Sonja Rutledal.
Har oppmoda bilistar
Farlege episoder er ikkje uvanlege, skal vi tru foreldreutvalet ved Kaupanger skule. Sjølv om skulen har oppmoda bilistar om å ikkje køyre heilt inn til skuleområdet, så skjer dette likevel oftare enn ynskjeleg.
Vanskeleg å gjere noko
Rådmann i Sogndal kommune, Jostein Aanestad, har stor forståing for ynskjet til foreldra på Kaupanger. Men å love pengar til ein gangveg kan han ikkje gjere.
- Det kan verte vanskeleg. Vi har allereie laga ein trafikktryggingsplan som tek for seg alle dei tiltaka vi har tenkt å gjennomføre i nær framtid, og då vart ikkje forslaget om gangveg meldt inn.