Hopp til innhold

Foreldre fortvilar i skulesak: – Kommuen har allereie bestemt seg

Etter folkemøte om kutt i skulestrukturen i Naustdal, der Dalen skule kan bli lagt ned, fortvilar foreldra. Dei meiner saka allereie er avgjort.

Dalen skule avd. Midtredalen på Kalland i Naustedalen

NEDLEGGINGSTRUGA: Dalen skule i Naustdal.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dei legg inn i budsjettet at skulen er lagt ned, før vedtaket om skulestruktur er gjort, seier leiar for Foreldreutvalet (FAU), Tonje Lødøen Hove.

I går kveld var det folkemøte, med stort oppmøte og store protestar på forslaget om å legge ned Dalen skule, og flytte dei 45 elevane til Naustdal barne- og ungdomsskule. FAU meiner saka allereie er avgjort.

– Det ligg inne i budsjettet. Det er eit dårleg signal, om at dei allereie har bestemt seg, og at det ikkje har så mykje å bety kva vi gjer og seier.

– Saka er ikkje avgjort

Kommunen må spare pengar, og har allereie vedteke at skulesektoren må ta 1,8 millionar kroner av denne innsparinga. Anten ved å kutte ved alle skulane, eller kutte Dalen skule heilt.

Ordførar Håkon Myrvang avviser at saka er avgjort, men legg ikkje skjul på at han meiner Dalen skule bør leggast ned.

Håkon Myrvang

ORDFØRAR: Håkon Myrvang.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Denne saka er på høyring. Administrasjonen skal gå gjennom saka, og ho skal behandlast på møtet 12. februar. Då skal politikarane avgjere om det blir strukturendring eller ostehøvel. Vel ein ostehøvel går det ut over kvaliteten på alle skulane. Strukturendring vil gje best kvalitet til elevane, seier ordføraren.

Sterk kritisk til kommunen

Tonje Lødøen Hove

LEIAR I FAU: Tonje Lødøen Hove.

Foto: Privat

FAU har hatt mange møter med politikarar, rådmannen og ordføraren. Men dei meiner likevel dei har fått dårleg informasjon og lite konkrete svar. Lødøen Hove meiner konsekvensane av nedlegging er store.

– Elevane blir fråteke dei trygge rammene sine, og det er mange som er uroa for korleis kvardagen deira skal bli. Mange vil få ekstra lang reisetid, og det går jo ut over fritida etter skulen, seier ho.

Ordføraren svarar at han synest det er ei vanskeleg sak, men at arbeidsgrupper, skulane og fagfolk har jobba i lang tid med saka, og at dei har gjort så godt dei kan.

FAU-leiaren seier foreldra forstår at kommunen må spare pengar, men har likevel ikkje tiltru til at kommunen gjer alt dei kan for å bevare skulen.

– Det er veldig leit at dei seier det, for dette er ei sak vi har jobba med veldig lenge. Vi har utfordringar når det gjeld økonomi, og skulane må ta sin del av dette, seier Myrvang.