Hopp til innhold

Foreldre bryr seg ikkje om forbod

Foreldre køyrer forbi innkøyring forbode-skilt for å levere ungar på Trudvang skule i Sogndal. – Det skjer kvar dag, og det verkar ikkje som dei bryr seg om at det er innkøyring forbode. Det seier Leif Haugo, formann på vegavdelinga i kommunen, til Sogn Avis. Lensmann Arne Johannessen trur det er behov for intensivere kontrollane.