Hopp til innhold

Foreldra til Abenezer vart høyrt av UDI

Sogndal kommune og UDI har blitt einige om at Abenezer (5) og familien får bli i Sogndal ut juli.

Abenezer Adhenome

SKAL FLYTTAST: Abenezer Adhenome og familien skal flyttast til Bergen, no har dei fått utsett flyttinga.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Det er veldig bra at UDI har forstått at det er lurt å møte denne guten på hans behov, seier psykologspesialist Pål Iversen.

Før påske sende foreldra til Abenezer eit brev til UDI, der dei bad om å få bli i Sogndal fram til skulestart.

Abenezer skulle eigentleg byrje på skulen i Sogndal til hausten, men sidan asylmottaket vart lagt ned, skal han og familien flyttast til Bergen. Abenezer har alvorleg autisme og treng difor ekstra tilrettelegging og hjelp.

Eigentleg skulle familien flyttast i løpet av april, men no er flyttinga utsett til juli. Det var Sogn Avis som omtalte saka først.

- Heilt nødvendig

Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk i Sogndal ved Pål Iversen, sende ein uttale til UDI, der det vart oppmoda om at Abenezer burde bli buande i Sogndal, fram til skulestart.

– Det er ein fordel å redusere talet på flyttingar frå ei til to. Då slepp han å skifte barnehage i april, for så å byrje på ny skule i august. For Abenezer og alle andre barn med autisme så kan store skiftningar vere skadeleg for utviklinga, så dette var heilt nødvendig, seier Iversen.

Det var Sogndal kommune som måtte ta avgjerda om Abenezer og familien skulle få bli eller ikkje. Sidan familien ikkje har opphaldsløyve i Norge, må Sogndal kommune betale for store delar av behandlinga til Abenezer.

Betre tid på førebuing

Oppvekstsjef i Sogndal kommune, Ole Gunnar Krakhellen, håpar at dei ekstra månadane vil gjere flyttinga betre for familien

– Dette gir oss betre tid til å få til ein god overflytting frå Sogndal til Bergen kommune. Vi skal formidle det vi har av informasjon og det er mykje som skal på plass i den nye kommunen, seier Krakhellen.

Støttemarkering for Abenezer

STORT ENGASJEMENT: Det er mange i lokalsamfunnet som har engasjert seg i saka til Abenezer. I mars vart det heldt ein markering for han og familien.

Foto: Mari Husabø