NRK Meny
Normal

Foreldra rasar mot kommunen

Budsjetterer med nedlegging av ungdomssteg sjølv om nedlegginga ikkje er endeleg avgjort.

Solheim skule
Foto: Ottar Starheim / NRK

Flora kommune budsjetterer med nedlegging av ungdomssteget ved både Solheim- og Svanøy skule, sjølv om nedlegginga ikkje er endeleg avgjort.

- Respektlaust

- Det er respektlaust og ovanfor innbyggjarane å ikkje følgje vanlege prosedyrer, seier leiar for Landslaget for nærmiljøskular, Brite Kandal.

- Vi er veldig skuffa over det som skjer, seier ho.

Kandal meiner det reglane er klare. Ho seier det skal ein ny kommunal forskrift før nedlegging og det skal alltid vere ei høyringsrunde der foreldre og andre interesserte skal få god tid til å seie si meining om saka. Det har dei ikkje fått i Flora. Då formannskapet i Flora tilrådde ein ny skulestruktur med nedlegging av Svanøy skule i tillegg til ungdomssteget ved Solheim skule var det to veker sidan bygdefolket hadde høyrt om planane.

Skuffa leiar

Magnar Nordal er leiar i foreldrerådets utval ved Solheim skule.

- Vi er veldig skuffa over det som held på å skje, seier han.

Kommunalsjef Anders Moen i Flora seier at det ikkje har vore høyring fordi for det er først på nyåret at forskrifta om nedlegging skal behandlast.

- Det er ei forskrift som blir kunngjort på normalt vis med moglegheit for høyring, seier Moen.

Han innrømmer at utfallet då truleg vil vere avgjort, same kva høyringsutfallet blir.

Ligg i korta

- Det ligg vel i korta kva rådmannen tilrår og kva som blir vedteke, seier kommunalsjefen.

Brite Kandal er langt frå nøgd med situasjonen.

- Framlegget om endringar av skulestruktur skal leggjast fram som ei forskrift der det er ein del høyringsfristar som gjeld. Om det skjer i etterkant av eit vedteke budsjett hel ein befolkninga for narr, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.