Hopp til innhold

Førebels ingen nye stillingar til politidistriktet

Sogn og Fjordane politidistrikt har førebels ikkje fått tildelt ei einaste av dei 350 nye politistillingane til neste år.

Politihuset i Florø

TILSETTE: Sogn og Fjordane politidistrikt håpar på sju nye stillingar når dei siste 153 av 353 nye politistillingar skal fordelast.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Med dei 350 føreslegne nye politistillingane i statsbudsjettet, går Norge frå ei politidekning på 1,7 per 1.000 innbyggjarar til 1,8 neste år.

Politidirektoratet har allereie fordelt 200 av stillingane på politidistrikta. Ikkje ei hamna i Sogn og Fjordane.

– Vi har forventingar til fordelinga av dei siste 153 stillingane. Vi meiner at vi har behov for å auke grunnbemanninga, seier administrasjonssjef Trond Arne Aglen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vil ha sin del

Aglen er nøgd med dei store linjene i Regjeringa sitt framlegg til neste års statsbudsjett.

Trond Arne Aglen

HÅPAR: Administrasjonssjef Trond Arne Aglen meiner regjeringa gir gode signal til politiet, men han ventar likevel med å sleppe jubelen laus.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Han både håpar og trur at distriktet får sin del av dei nye politistillingane, dei 50 nye juristane og dei kring 40 nye soningsplassane til norske fengsel, mellom anna Hustad fengsel i Molde og Bergen fengsel.

– Vi ser at produksjonen av saker er større enn det vi klarer å få igjennom. Flaskehalsen no er påtale, seier administrasjonssjefen og vil vente med jubelen til dei endelege fordelingane er klare.

Strengare krav

I fjor fekk distriktet sju nye polititenestemenn. I årets framlegg ligg det inne vidareføring av desse.

Aglen håpar på like mange nye stillingar når politidirektoratet skal fordele dei nye hendene på politidistrikt. I november skal politidistriktet i dialogmøte med direktoratet for å leggje fram sine ynskje og argumentasjon.

– Ei av utfordringane vi har fått i fanget er strengare krav til kven som kan vere med i vakt- og beredskap. Det går på alderssamansetjing og våpenkompetanse, seier Aglen og ikkje vil seie kor mange dette gjeld.

Ventar med jubelen

– Det er fleire. Vi har så lita bemanning og stor geografi, at det blir utfordringar. Men vi ventar kompensasjon for dei vi ikkje lenger kan bruke på beredskapsteneste, legg administrasjonssjefen til.

Aglen vil førebels ikkje sjå framlegget som eit signal på kva som ventar i den nye politireforma. Sogn og Fjordane politidistrikt står i fare for å bli lagt under Hordaland .

– Men vi høyrde finansministeren seie at vi må reformere for å bli meir kostnadseffektive. Vi veit kva det betyr; at vi må jobbe smartare og få meir ut av pengane. Difor ventar vi med den store jubelen til vi får tildelinga. Til då er vi spente og avventande, avsluttar han.