Normal

Førdianar med bestseljar

24 år gamle Oddbjørn By frå Førde toppar bestseljarlista med boka MEMO - den enkleste veien til bedre hukommelse.

Oddbjørn By Foto: Kagge Forlag/ J.M.Stenersens Forlag

Andre opplaget er i ferd med å verte tømt, berre fire veker etter at boka kom ut. Så langt har studenten selt om lag 7000 bøker, og eit tredje opplag vert no vurdert.

Oddbjørn By er norgesmeister i hukommelse og boka omtalar ulike teknikkar som skal hjelpe lesarane å hugse betre. Boka er bygt på By sine eigne utvikla teknikkar for å hugse betre.

By kjem frå Førde, men bur og studerer i Bergen. Han er ranka blant dei ti beste i verda. Han kan memorere ein heil kortstokk på 43 sekund. Ambisjonen hans er å drive profesjonell kurs- og føredragsverksemd.

 

Vegopning på Bergum i Førde kommune