Hopp til innhold

Førdianar hjelper nye musikktalent i Bergen

BERGEN (NRK): Då den gamle St. Jakob-kyrkja ikkje lenger vart brukt til kyrkjelydsarbeid, blei det installert lydstudio og konsertscene. I spissen for lydstudioet står ein 22-åring frå Førde.

Thomas Nordvik

HAR KONTROLL: I lydstudioet i St. Jakob kyrkja i Bergen er Thomas Nordvik frå Førde sjef. Han har vore med å forma ut studioet, og trekt alle leidningane som får lyden frå mikrofonen og inn i opptakaren.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Det beste med jobben er å hjelpe og rettleie nye musikalske talent. Å sjå nye talent komme inn, sette dei ned framfor mikrofonen og prøve å forma dette til noko som kan verta magi, seier Thomas Nordvik til NRK.

Han er lydteknikkar i St. Jakob-prosjektet, som heldt til i den gamle kyrkja i Bergen. Då kyrkja ikkje lengre vart brukt til kyrkjelydsarbeid bestemte Bergen domkyrkjekyrkjelyd at dei skulle nytta den til ungdomsarbeid. Studioet stod klart for om lag eitt år sidan.

Unikt

I kyrkja er det no rigga til med blant anna lyd- og innspelingsrom og scene for konsertar. Dei driv og si eiga nettavis. Nordvik har vore med frå starten og er ein av fire fulltidstilsette i prosjektet.

– Eg kunne ikkje hatt ein betre jobb. Det er heilt klart draumejobben, seier Nordvik og gliser stort.

Er det mange andre kyrkjer som har lydstudio?

– I Norge har eg ikkje høyrd om nokon, så dette er unikt. Eg veit det er nokon i England og heilt sikkert nokon i USA og, svarar Nordvik.

Mindre tid til eigen musikk

Nordvik gjekk på vidaregåande skule på Sandane og tok eitt år på folkehøgskule i Oslo. Musikken har følgt han heile livet.

– Foreldra mine var aktive i kor og Ten Sing i Førde, så eg byrja med korsong og speling av instrument då eg var seks-sju år gammal, seier Nordvik.

Får du tid til eigen musikk når du sitt bak spakane heile tida?

– Ikkje så mykje som før, men når vi har artistar som skal spele inn songane sine er det jo praktisk at eg kan spele ein del instrument. Då slepp vi leige det inn, forklarar Nordvik.

Thomas Nordvik og Sigurd Tronstad

FØLGER MED: Thomas Nordvik følger med og gjev tilbakemeldingar til musikar Sigurd Tronstad, som speler inn låten sin 'Fire'. – Vi har mange artistar innom, men det er framleis ikkje sånn at timeplanen er full. Det er alltid plass til fleire, seier Nordvik.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Eit supert tilbod

Då NRK var innom studioet var Sigurd Tronstad i studio for å spele inn låten sin "Fire".

– Tilbodet her er heilt supert. Eg har vore med sidan starten og det er fantastisk å sjå korleis det har utvikla seg, seier Tronstad.

– Korleis er Thomas som produsent?

– Thomas er heilt fantastisk. Han er superdyktig og kjem med gode tilbakemeldingar, legg han til.

Sidan dei starta har fleire hundre artistar vore innom – blant dei er ikkje ukjende Sissel Kyrkjebø.