NRK Meny
Normal

Førdespelarar til eliteserieklubb

Førde-spelarane Bernt Norevik og Thor-Jørgen Spurkeland er ynskt på prøvespel i eliteserieklubben Sandefjord.

Bernt Norevik

Bernt Norevik (t.h.) er ynskt på prøvespel i eliteserieklubben Sandefjord.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Sportsleg leiar Arne Dokken tok kontakt måndag. Opphaldet til Spurkeland og Norevik kan finne stad allereie neste helg.

- Dette blir spennande, og det er klart vi gler oss, seier Norevik til Firda.

Sett tre kampar

Dokken såg sjølv dei to i aksjon då Førde slo Birkebeinaren i Drammen, i den første av to opprykkskampar.

- Vi har sett Førde i tre forskjellige kampar i haust, og desse to spelarane har noko vi er på leit etter. Spurkeland har god teknikk, kraft i spelet og god løpskraft. Når det gjeld Norevik er han ein typisk "mellomromsspelar", det vil seie ein type spelar md uvanleg godt steg og som oppsøkjer opne rom, seier Dokken til avisa.

- Heilt topp

I tillegg til å trene med Sandefjord, ynskjer eliteserieklubben å sjå dei to i aksjon under ein treningskamp mot eit 2. divisjonslag. Trenar i Førde, Knut Erik Folland, har ingen planer om å sette kjeppar i hjulet for eit prøvespel.

- Vi har som målsetjing å utvikle spelarar, og på denne måten kan to spelarar frå referansar på kva nivå dei ligg på. Heilt topp, seier han til avisa.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.