Hopp til innhold

Førdespelarar på landslaget

Tre spelarar frå Førde Volleyballklubb er tekne ut på landslaget som skal spele VM-kvalifisering i Sverige i Sverige i slutten av mai.

Mathias Loftesnes

PÅ LANDSLAGET: Mathias Loftesnes er ein av tre frå Førde VBK som skal spele VM-kvalikk i Sverige om nokre veker.

Foto: Alf Vidar Snæland

Mathias Loftesnes, Lars Fredrik Tvinde og Lars Magnus Kaasa får alle tre på seg den norske landslagstrøya når Norge skal ut i VM-kvalifiseringskampar i Sverige den 24. til 26. mai.

Landslaget møter Sverige, Hellas og Island i det som er første runde i VM-kvalifiseringa.

Den 16. mai møtest dei i Bergen og trenar i tre dagar, før dei dreg vidare til Danmark for å spele to treningskampar før dei viktige kvalifiseringskampane.

Vinnaren av kvalifiseringa går direkte vidare til kvalifiseringsrunde nummer tre som blir spelt i januar 2014, medan nummer to i gruppa går vidare til kvalifiseringsrunde nummer to, som går føre seg i oktober.

I tillegg til dei tre Førde-spelarane, er Jonas Kvalen med i troppen. Kvalen spelar for tida i polske Olsztyn, men spelte tidlegare for Førde.

Heile troppen:

  • Kåre Helvik Morken, Nyborg VBK
  • Jonas Kvalen, Olsztyn (Polen)
  • Mathias Loftesnes, Førde VBK
  • Ørjan Siljander, Nyborg VBK
  • Jon Arnesen, NTNUI
  • Lars Fredrik Tvinde, Førde VBK
  • Rune Berg, Randaberg IL
  • Lars Magnus Kaasa, Førde VBK
  • Kristian Bjelland, Nyborg VBK
  • Vetle Hylland, Nyborg VBK
  • Ask Helland-Hansen, Nyborg VBK
  • Yngve Sundfjord, Nyborg VBK