Hopp til innhold

Svært letta trenar etter årets første trepoengar

Etter ein kamp prega av tøffe duellar og lite finspel vann Førde i ettermiddag 1-0 over Ålgård på heimebane.

Førde Ålgård

TØFFE DUELLAR: Mykje kjemping og lite finspel prega dagens kamp. Her vinn Førde-spelar Thor Jørgen Spurkeland duell i lufta.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det var godt med første tre poenga for sesongen. Det var veldig godt, seier ein letta Førde-trenar, Knut Erik Folland

Kampen opna med ein farleg sjanse til Førde etter berre fem minutt, men keeper fekk avverja forsøket frå Thor Jørgen Spurkeland.

Ålgård best i første omgang

Men etter dette tok Ålgård meir over, likevel utan å skape veldig mange moglegheiter framfor mål. Det vart med eit par farlege skot, eit innlegg frå høgre som trefte nærmaste stolpe og ein corner som var på veg rett i mål, før Førde fekk redda på streken.

– Første omgang var svak, vi fekk ikkje rytme i spelet, fekk det ikkje til å gli, seier Folland.

Før pause var kampen prega av harde duellar og mykje kriging. Det var langt mellom høgdepunkta.

– Det var ein krigekamp. Av og til blir kampar slik. Vi har spelt betre i dei førre kampane denne sesongen, seier trenaren.

– Tre poeng viktigast i dag

Det var ikkje mykje meir finspel i andre omgang. Berre eit halvt minutt ut i andre omgang heada Alexander Ødegaard inn det einaste målet i kampen.

– Dette var ikkje ein god kamp, men vi slåst hardt for dei tre poenga. Det var ein svak førsteomgang og andre var litt betre. Men det drit eg i. I dag var dei tre poenga det viktigaste, seier Folland.

For etter ein tøff start med tap i dei to første seriekampane, og mot Florø i cupen, tok Førde i ettermiddag sin første siger for sesongen.

– Det var veldig viktig, vi har no snudd trenden frå starten av sesongen. Det gir oss mindre stress framover, når vi skal jobbe vidare. Og vi har mykje å ta tak i. No får vi ro til å gjere den jobben, seier Folland.

Målmann Ante Knezovic hadde fleire gode involveringar i kampen, spesielt i feltet.

– Han var god, og hadde ei svært viktig redning heilt på slutten. Vi har to gode målmenn.