Hopp til innhold

Førdepakken ber om 250 millionar kroner frå fylket

Førdepakken legg opp til at stat, fylket og kommunen skal bla opp 250 millionar kroner kvart til Førdepakken.

Ordførar Olve Grotle seier til Firda at han har fått positive signal både frå stat og fylke. Prislappen totalt er på 1,5 milliardar kroner, og 750 millionar skal hentast inn gjennom bompengar.

– Vi kan ikkje sjå føre oss at fylkeskommunen ikkje vil vere med på å oppgradere eigne vegar i Førde, seier Grotle til Firda.

Fylkeskommunen eig i dag vegar i Førde som må rustast opp for 500 millionar kroner. Difor meiner Grotle at fylkeskommunen kjem billig frå det om dei går inn med 250 millionar kroner. Han trur også at fylket er interessert i at Førde skal utviklast i framtida.

Førdepakken er etablert som eige AS med dei kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal som eigarar. Planen er at det skal setjast opp bompengering rundt Førde for å finansiere nye vegar i og rundt byen. Bompengestasjonane kan vere på plass frå 2014.

– Eg har fått signal frå både fylkespolitikarar og staten om at dei er positive til prosjekta i Førdepakken, seier Grotle.