Hopp til innhold

Førdejente fekk prestisjetung pris

Skodespelar Kjersti Botn Sandal frå Førde fekk søndag kveld den prestisjetunge Heddaprisen.

Anna Karenina

Kjersti Botn Sandal (t.v.) i rolla som 'Kitty' i teaterstykket Anna Karenina på Rogaland teater. På biletet er også Ragnhild Arnestad Mønness (Dolly) og Nina Ellen Ødegård (Anna Karenina).

Foto: Marit Anna Evanger

30-åringen fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle for sin innsats i stykket "Karl og Anna" på Rogaland teater.

Heddaprisen er den mest prestisjetunge utmerkinga i norsk teater og vart delt ut for første gong i 1998.

- Det er så gøy at eg er heilt skjelven i knea. Det var så uventa, for eg har følgt dei to jentene i mange år og var sikker på at denne ikkje ville gå til nokon andre enn ei av dei, seier ein overraska prisvinnar.

- Eg hadde ein lengre samtale med mamma, og ho sa at "jammen Kjersti prisen er gjeven, og dei er fantastiske dei to andre, men du er no nominert". Så ho vil få hakeslepp ho også, ler Sandal.