Hopp til innhold

Førdefotograf fekk hakeslepp då han såg kven som hadde delt dokumentaren hans

For eitt år sidan var fotograf Stig Indrebø (24) i Kambodsja for å dokumentere levekåra til tekstilarbeidarane i landet. Men det var først når ein amerikansk skodespelar for to dagar sidan delte ei lenke til serien det verkeleg tok av.

Ashton Kutcher delte norsk dokumentar med 18 millionar følgjarar

SUPERSTJERNE: 'Sweatshop' dokumenterer den harde røynda i tekstilindustrien i Kambodsja. Nyleg delte den amerikanske skodespelaren Ashton Kutcher (innfelt) ei lenke til dokumentarserien til 18 millionar følgjarar på Facebook.

Foto: Stig Indrebø/AP / Montasje

– Plutseleg berre eksploderer det. Det er noko du ikkje kan planlegge, men når det først skjer er det berre heilt fantastisk, seier Stig Indrebø, opphavleg frå Førde, no med base som frilansfotograf i Oslo.

Har passert to millionar visingar

Dokumentarserien "Sweatshop – Dødsbillig mote" syner kva som skjer når du tek tre motemedvitne norske ungdomar med inn i den harde røynda til ein gjennomsnittleg tekstilarbeidar i Kambodsja.

Den vart laga av eit lite team, der Stig Indrebø var mannen bak kamera.

Serien vart lansert på Aftenposten sine nettsider i mars i fjor og starta ein nasjonal debatt, der mellom anna klesgiganten H&M måtte svare for sine arbeidsmetodar.

I løpet av fjoråret fekk serien også merksemd i fleire land i Europa og for nokre dagar sidan passerte den to millionar visingar. Og det før ein viss amerikansk kjekkas fekk auga opp for dokumentaren.

Stig Indrebø under opptak i Kambodsja

TØFT MØTE: Bak kamera følgde Stig Indrebø dei norske ungdomane sitt møte med dei tøffe levekåra menneska som produserer kleda vi går i lever under.

Foto: Pål Karlsen / NRK

Har 18 millionar følgjarar

På torsdag delte nemleg skodespelaren Ashton Kutcher ei lenke til serien på Facebook. Han har i skrivande stund over 18 millionar følgjarar på den sosiale nettstaden. Deretter tok det heilt av.

Lenka har no blitt likt over tjue tusen gonger, fått fem og eit halvt tusen delingar og har utløyst heftige debattar i kommentarfeltet.

Ashton Kutcher delte norsk dokumentar på Facebook
Foto: Skjermdump frå Facebook

– Den har gått viralt og det har på mange måtar eksplodert. Når ein serie som det her får merksemd frå ein så profilert person, så fører det til at den får eit vanvitig mykje større publikum og eit publikum det aldri elles ville ha fått, seier Indrebø.

Vellukka forteljargrep

Dokumentaren tek for seg eit vanskeleg tema og omhandlar menneskelagnader fjernt frå vår eigen kvardag. Likevel har den tydelegvis klart å treffe ei nerve.

Indrebø trur det å la tre vanlege norske ungdomar ta hovudrolla var eit avgjerande grep.

– Hadde vi laga ein heilt vanleg dokumentarfilm om livet i Kambodsja, så trur eg ikkje det hadde same effekten. Men i det øyeblikket vi puttar tre representantar frå det privilegerte vesten rett inn i Kambodsja sin fæle tekstilindustri, så blir det lettare for sjåaren å ta det innover seg, seier han.

Stig Indrebø under opptak i Kambodsja

TØFT PENDLARLIV: Arbeidarane ved mange av fabrikkane blir transportert inn, nærast som kveg, på overfylte lastebilar.

Foto: Pål Karlsen