NRK Meny
Normal

Førdefestivalen på internasjonal toppliste

Den internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde har av National Geographic blitt trekt fram som ein av dei sju fremste festivalane ein bør besøke i Europa denne sommaren.

Førdefestivalen frukost og parade

POPULÆR FOLKEFEST: Førdefestivalen er ein av Norges største festivalar, og har halde det gåande kvart år sidan 1990. Paraden er kvart år eit av høgdepunkta.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Vi blir sjølvsagt kjempeglade og stolte. Det er ikkje så verst å kome som den einaste norske festivalen på ei liste som presenterer dei sju beste festivalane i Europa, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum til NRK.

På lista over dei fremste europeiske festivalane finn ein mellom anna også Roskildefestivalen i Danmark.

– Vi føler at vi er blant ein eksklusiv gjeng, og det er jo ikkje så verst å vere saman med Roskildefestivalen på den lista. Den er jo kjend blant mange nordmenn.

Hilde Bjørkum, som har vore sjef for Førdefestivalen sidan starten i 1990, meiner at den er den unike og spesielle profilen som gjer at festivalen markerer seg i internasjonale medium.

Hilde Bjørkum

FESTIVALSJEF: Hilde Bjørkum

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

– Eg trur det setter spor at vi har satsa på kjemphøg kvalitet både kunstnarleg og organisatorisk i alle desse åra. Det at vi torer å stå ut med ein eigen profil, og at vi ikkje er heilt lik andre festivalar, verken når det gjeld artistval eller profil, seier Bjørkum.

Festivalen i Førde har også fleire gonger tidlegare blitt lagt merke til av internasjonale medium.

Ho og medarbeidarane er jo i ferd med å leggje siste hand på verket for årets festival som går av stabelen frå 1. til 5. juli.

– Dette er skikkeleg vitamininnsprøyting for oss i festivaloppkøyringsperioden. Det håpar eg at det er for publikumet vårt også, og at det er enda fleire som kjem og vil oppleve festivalen.

Her er lista over National Geographic sine favorittfestivalar for 2015:

Roskildefestivalen, rock/pop/elektronika, Roskilde, Danmark

Førdefestivalen, folkemusikk, Førde, Norge

EXIT, rock/pop/world, Novi Sad, Serbia

Wickerman, rock/reggae/pop, Dundrennan, Skottland

Interceltic, keltisk folkemusikk, Lorient, Frankrike

Positivus, rock/pop, Salacgrīva, Latvia

Mysteryland, elektronika/dance, Haarlemermeer, Nederland

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.