Hopp til innhold

Førdefestivalen i audiens på slottet

Direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, nytta høve til å invitere HKH Kronprinsesse Mette-Marit til festivalen neste år, då festivalleiinga i dag var på audiens på slottet.

Ivar Svensøy, Hilde Bjørkum, H.K.H. Mette-Marit og Kristin Hille Valle

AUDIENS: Nestleiar Ivar Svensøy, direktør Hilde Bjørkum, H.K.H. Mette-Marit og styreleiar Kristin Hille Valle

Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff

– Det var ei hyggeleg oppleving, men ein er jo alltid litt spent ved slike høve, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

HKH kronprinsesse Mette-Marit er inne i sin andre periode som festivalens høge beskyttar etter at ho tok over vervet etter Dronning Sonja.

– Kronprinsessa synte at ho var interessert i festivalen, og hadde sett seg godt inn i kva festivalen er.

– Så ho var godt førebudd?

– Ja eg tykte det. Ho spurde om ting som eg ikkje hadde nemnt i første omgang då eg fortalde om festivalen og kva betydning den har både nasjonalt og internasjonalt, seier Bjørkum.

Tidlegare var det Dronninga Sonja som var den høge beskyttar for festivalen, og 2010 stod ho også for opninga av festivalen. Så langt har ikkje i Kronprinsessa vore til stades på festivalen, og Bjørkum nytta høve til å gi ho ein invitasjon.

– Sjølvsagt, vi håpar ho får høve, men ho seier at sommarferien er ei vanskeleg tid for ho som småbarnsmor, men vi får sjå kva som går an å få til, seier Bjørkum.