Hopp til innhold

Førdeduo tok andreplass

Sandvolleyball-paret Geir Eithun og Lars Fredrik Tvinde presterte godt i Førde Open.

Duoen tapte finalen mot Iver Horrem og Øyvind Hordvik 2-1 (21-19, 17-21, 8-15).

Vann første sett

Førde Open

NØGDE: Geir Eithun og Lars Fredrik Tvinde er godt nøgd med andreplass i Førde open.

Foto: Alf Vidar Snæland

Laga spelte jamnt utover i finalen der Førdeduoen vant knipent første sett.

Utover i andre sett byrja Hordvik å få blokka til å sitte, og fekk då dei ekstra poenga laget trengde for å vinne andre sett.

Enkel match

Tredje sett vart enkel match for Horrem/Hordvik. Samspelet fungerte godt og sandvolleyparet vant settet.

- Eg er godt fornøgd, seier Geir Eithun, som måtte klare seg utan sin faste makker Vegard Høydalen i Førde Open denne helga.

Lars Fredrik Tvinde tok hans plass, og gjorde slett ikkje ein dårleg jobb.

Klarte finalen

I regn og vind kjempa dei seg til finalen ved å slå Kjemperud/Hellum 2-0 (27-25, 27-25).

Synnøve Øyra Iversen og Anne Lene Hvalen fekk bronse i kvinneklassen på WO.

Vêret gjorde nok sitt til at det ikkje var dei store publikumsmassane som såg finalen i Førde. Mellom 40 og 50 personar fekk med seg finalekampen.