Førde vidare til seriefinalen i volleyball

Med ein 3–0 siger over Viking sikra Førde Volleyballklubb seg ein plass i seriefinalen mot BK Tromsø.

Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde

TIL FINALEN: Førde Volleyballklubb er i finalen i sluttspelet i eliteserien etter å slått ut bergenslaget Viking.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi feiar eigentleg over Viking i dag, så det er veldig kjekt, seier FVBK-spelar Mathias Loftesnes.

Dei ulike setta enda med 19-25, 21–25 og 22–25 til førdianarane, og altså ein 3–0 siger. Loftesnes er strålande fornøgd over resultatet.

– Det er ufatteleg bra, og eg er mest imponert over at vi fungerer så godt kollektivt i dag, seier Loftesnes.

At det var akkurat bergenslaget Viking som måtte vike for Førde var kanskje ekstra godt for førdespelarane. Dei har nemleg tapt mot bergensarane både i cupen, eliteserien og i nordisk meisterskap denne sesongen.

Skal møte cupvinnar

Semifinalen har blitt spelt som ein "best av tre", og i dei to første kampane enda det først med ein siger til Viking, så ein siger til Førde i går. Det var i den siste kampen Førde imponerte mest, men Loftesnes trur det blir endå tøffare motstand når dei skal møte Tromsø.

Førde i cupfinalen mot Nyborg.

CUPFINALEN: Førde møtte bergenslaget Nyborg, som no har skifta namn til Viking, i Cupfinalen

Foto: Oddleif Løset

– Tromsø er eit veldig godt lag. Det vann jo cupfinalen og hamna som nummer to i eliteserien før sluttspelet, så det blir ei stor utfordring.

Går over tre kampar

Også finalen går føre seg over tre kampar. Den første skal spelast i Førdehuset, før kamp nummer to, og eventuelt tre, vert spelt i Tromsø.

Les også: Får det ikkje til å stemme

I finalen skal Førde altså møte BK Tromsø. Førre gong dei to laga trefte kvarandre i kamp var i Førdehuset i januar, då enda det med bortesiger og 3–1 til Tromsø.

Damene rauk ut

Også damelaget til Førde Volleyballklubb har spelt avgjerande semifinale i eliteserien i dag. Dei spelte den tredje og siste semifinalen mot Randaberg, men rauk på eit tap der. Med det er dei ute av årets sluttspel i eliteserien.