Hopp til innhold

Førde VBK vart nordiske meistrar

Førde-spelarane har igjen vist kva dei er gode for. Med siger i siste kamp mot Linköping laurdag er dei no nordiske meistrar i volleyball.

Førde VBK Nordiske meister

JUBLAR: Førde VBK kan juble over tittelen som Nordisk meister i volleyball.

Foto: Jørn Kvalen

- Dette er historisk og kjempekjekt, seier trenar Frank Roger Kalstad.

Tøff konkurranse

Det vart ein tett kamp frå start til slutt i Førde sin siste kamp under Nordic Club Championship.

Førde viste krefter i første sett og vann 25-17, men i setta som følgde vart det hakket meir jamt.

Andre sett vann Førde med berre fire poeng, 25-21.

- Sjølv om Linköping har tapt sine kampar er det eit sterkt lag, seier Kalstad til NRK.no etter kampen.

Viste at dei er best

Svenskane kom inn att i kampen i tredje og fjerdesett, der dei vann 25-21 i begge sett. Men i siste sett viste Førde-spelarane igjen at dei er best.

- Gutane hadde ikkje lyst å tape kampen, sjølv om vi kunne blitt nordiske meistrar med eit tap, forklarar Kalstad.

Han meiner det ekstra giret gutane set inn er svært positivt.

- Det er ein eigenskap som er svært god og det viser at vi er best når det gjeld, seier Kalstad.

Førde har vunne alle sine tre kampar i finalespelet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde jublar over siger i Danmark

GLADE: Slik jubla Førde då dei vann over storfavoritten Marienlyst tidlegare i turneringa.

Foto: Jørn Kvalen

Frå norske til nordiske meistrar

Tidlegare i januar vann Førde VBK NM då dei slo Nyborg på heimebane.

Etter denne helga kan spelarane no også juble over å vere nordiske meistrar.

- Det er første gong vi vert nordisk meister. Det var målet vårt å klare det i løpet av fire år, men no har vi klart det på det første året, seier Kalstad.

- Laget må setje seg nye mål då?

- Ja, vi får sjå på det. Vi ønskjer å bli endå betre og stabile, seier Kalstad glad.

Nils Numme beste spelar

Nils Numme har markert seg under meisterskapen.

Med heile 78 poeng er han den desidert beste spelaren og det skal mykje til for at han ikkje stikk av med tittelen som beste spelar under turneringa.

- Han har vore knallgod. Det som er kjekt å sjå er at også mange andre, inkludert dei yngre spelarane har fått vist seg fram, seier Kalstad.