Leiar i klubben, Geir Opseth, er nøgd med at målet om å vere representert både i eliteserien, første og andre-divisjon er nådd. - Vi har i fire år hatt som ambisjon å ha eit lag også i 1. divisjon fordi spranget frå 2. divisjon til eliteserien er for langt. No har vi fått opp ein ny generasjon spelarar som rykte opp i 1. divisjon til denne sesongen, og det fungerer svært bra, seier Opseth.
- Talenta fortare varme i trøya
- No er det mykje lettare å dra opp nye talent. Med den kamptreninga dei får i 1. divisjon blir dei fortare varme i trøya når dei får vere med på eliteserielaget, seier leiaren i Førde VBK.
Vil hjelpe andre klubbar
Men Geir Opseth ser det som urovekkande at det berre er Førde att i fylket på høgt nivå. - Der har vi eit ansvar som soneklubb, og vi prøver å sette av ressursar til å hjelpe klubbar som har folk som vil jobbe med volleyball. Vi hadde eit sterkt volleyballmiljø i Sogn og Fjordane. No er det blitt så svakt at det er viktig å byggje det oppatt, og vi i Førde håpar å kunne bidera til det saman med forbundet, seier Geir Opseth.