Hopp til innhold

Førde vart seriemeister i 2. divisjon - og vann slaget om Sogn og Fjordane

Førde trekte det lengste strået i slaget om Sogn og Fjordane mot Jotun og sikra seg med det seriemeisterskapen i 2. divisjon i handball for kvinner.

Førde-jubel

FEIRA MED CHAMPAGNE: Stor jubel i Førde-garderoben etter at seriemeisterskapen var sikra.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Førde-Jotun 24-20 (13-9): I dei tre føregåande møta mellom dei to laga har Jotun trekt det lengste strået i jamne kampar. Jamnt vart det også denne gongen, men framfor eit rekordpublikum på 610 greidde Førde å avgjere heilt på tampen.

Det stod 20-20 mindre enn tre minutt før slutt, og det kunne ha vippa begge vegar, men Førde-trenar Øyvind Indrebø meiner det ikkje var tilfeldig at dei vann.

– Nei, det er ikkje tilfeldig. Vi har ein brei stall, vi får rullere på laget, det gjer utslag. No har vi brote ein barriere og slege Jotun. I ein god handballkamp synest eg vi vann fortent. Vi står imot sjølv om det butta imot i periodar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Øyvind Indrebø

- VANN FORTENT: Førde-trenar Øyvind Indrebø meiner ein brei stall var utslagsgjevande for at Førde vann serien og kampen mot Jotun.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Surra litt

Tidleg i andre omgang var Førde oppe i ei 17-12-leiing, men då fekk laget ein periode der angrepsspelet gjekk i stå, og det var mange balltap. Jotun kom opp på 17-17, og berre eit par gode redningar av Petya Pencheva hindra Jotun i å ta leiinga.

– I den perioden surra vi litt, og vi veit at Jotun aldri gir opp, så det vart spennande heilt inn. Men vi er godt trente, og har ein brei stall, eg trur det vart utslagsgjevande.

– Ufatteleg stolt

Marias Oppedal

- UBESKRIVELEG: Maria Oppedal er veldig stolt over laget.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein av dei mest sentrale spelarane til Førde, Maria Oppedal, var overlukkeleg etter kampen.

– Eg har ikkje ord, det er heilt ubeskriveleg. Det var ein deilig følelse då siste blåset i fløyta gjekk og vi leia med fire mål. Det var fantastisk. Vi heldt hovudet kaldt og greidde det til slutt. Eg er ufatteleg stolt over laget at vi ikkje datt heilt ned då Jotun tok oss att.

Det var over 600 på trubunane, litt meir enn Førde-damene er vane med, og eit enormt trøkk. Det hadde mykje å seie for utfallet, meiner Maria Oppedal.

– Det var ei anna stemning i Førdehuset enn vanleg, men det hjelpte oss. Det var absolutt ein ekstra spelar på laget.

(Artikkelen held fram under biletet).

Olafur Sveinsson

GRATULERER FØRDE: Jotun-trenar Olafur Sveinsson måtte sjå at Førde trekte det lengst strået denne gongen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Avgjerande feil

Jotun-trenar Olafur Sveinsson var nøgd med at laget hans greidde å hente inn den femmålsleiinga Førde hadde, men på stillinga 20-20 vart det gjort feil som han meiner vart avgjerande.

– Vi prøvde på eit innspel på feil tidpunkt, og på noko vi ikkje har trent på, dermed vann Førde ballen og scora. Det vart vendepunktet. Det var ein god kamp og ei god ramme rundt kampen, så eg vil gratulere Førde.

Og islendingen minna om at det var ein landsmann av han som var trenar i Førde i tre-fire år og som han meiner har mykje av æra for at laget no er blitt så godt.

– Det er hans arbeid som ligg her no idag, så han må nemnast.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kjersti Berge Solås

UNG OG LOVANDE: Kjerstin Boge Solås frå Dale er berre 16 år, men var ein av mange svært viktige brikker i Førde-laget.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Kjempegøy!

To av dei yngste på Førde-laget, Martine Vindheim og Kjerstin Boge Solås, var viktige bidragsytarar til sigeren. Kjerstin sette inn fire mål, men meiner Jotun var vanskelege å score på.

– Dei var veldig gode i forsvar, så det var vanskeleg å skyte. Men det var heilt fantastisk då dommaren bles for full tid.

Lynvingen Martine Vindheim fekk stemninga på topp i Førdehuset med eit par kjappe kontringsmål i sluttsekunda, ho hadde tre mål i protokollen.

– Det var kjempegøy å få springe litt og endeleg få sette ballen i mål. Det var vanskeleg å kome til på vingen i dag, for dei sona ut, men det var veldig gøy når det sat til slutt. No blir det gøy å endeleg få oppleve kvalik.

(Artikkelen held fram under biletet).

– Fleire må ta ansvar

Rebecca Brun Steinheim

SKUFFA JOTUN-JENTER: Rebecca Brun Steinheim gjorde ein god kamp, men etterlyser at fleire på laget melde seg på.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

Rebecca Brun Steinheim var med sine ni mål som vanleg mestscorande hos Jotun og var saman med Marianne Stedje Øren sentral då laget frå Øvre Årdal henta inn leiinga til heimelaget. Men ho sakna meir hjelp frå lagvenninnene.

– Eg er ikkje nøgd med kampen. Eg synest fleire må ta ansvar. Ingenting gjekk eigentleg bra i dag. Det er sluttresultatet som tel, og så hjelper det ikkje at vi var nær.

Marianne Stedje Øren seier ho hadde trua på siger då dei hadde uavgjort få minutt før slutt.

– Vi går ikkje på bana for å tape, og vi har ikkje tapt før sluttsignalet går. Eg er sjølvsagt kjempeskuffa.

Toppscorar for Førde vart Alexandra Gabriela Baiesu med åtte mål.

Alexandra Gabriela Baiesu

TOPPSCORAR FOR FØRDE: Alexandra Gabriela Baiesu set inn eitt av sine åtte mål på Jotun-keeper Zsofia Szekely.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vanskeleg kvalifisering

Det står att ein kamp for både Førde og Jotun før årets serie er over, Jotun skal møte Fyllingen og Førde skal møte Kjøkkelvik. Begge kampane går i Bergen komande laurdag. Øyvind Indrebø vil bruke kampen mot Kjøkkelvik som trening framfor kvalifiseringsspelet til 1. divisjon 12. og 13. april.

– Kvalifiseringa blir tøff. Vi møter vi fem andre avdelingsvinnarar. Vi må opp eit hakk eller to for å vere med der, men vi skal bruke tida godt og førebu oss sjølve og studere motstandarane.