NRK Meny
Normal

Førde vann serien

Etter laurdagens kampar er det klart at Førde vann 3. divisjon i Sogn og Fjordane, og skal spele kvalik mot Birkebeineren frå Buskerud. Førde vann 0 - 2 borte mot Høyang.

Førde vann serien
Foto: Malen Vilnes / NRK

Trenar for Førde, Knut Erik Folland, er sjølvsagt glad for sigeren. Han seier dei no skal slappe av i helga, og byrje å tenkje på første kvalifiseringskamp 17. oktober. Returen går 24. oktober.

Viktig å vinne sjølv

Knut Erik Folland

Knut Erik Folland

Foto: Oddleif Løset / NRK

Folland seier det var viktig for Førde å vinne kampen sjølv, og ikkje stole på at Årdal vann over Tornado Måløy, som hadde like mange poeng som Førde.

– Men vi kunne senke skuldrane undervegs når vi fekk vite om korleis det gjekk med Tornado Måløy i deira kamp, seier han.

Sjå korleis det gjekk med dei andre laga i Sogn og Fjordane.

Tap i fjor

Førdetrenaren meiner at dei har ein 50-50 sjanse å vinne kvaliken. Han seier dei er betre rusta no enn då dei tapte heile 8 - 1 mot Åskollen i andre kvalifiseringskamp for 2. divisjon i fjor. Førde vann 2 - 0 heime. Men var sjanselause i returoppgjeret.

8-1 tap er det verste resultatet noko lag frå Sogn og Fjordane har hatt i ein kvalifiseringskamp.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.