Hopp til innhold

Toppar tabellen etter ny siger, gler seg til lokalderby om førsteplassen

I ein jamn kamp der prestasjonane svinga klarte heimelaget Førde til slutt å kjempe seg til siger over Stord. Dermed leiar dei framleis tabellen i 2. divisjon. Om ei veke blir det toppkamp mot tabelltoar Jotun.

Maria Oppedal

TOPPKAMP I VENTE: Maria Oppedal og resten av Førde sitt handballag toppar tabellen framleis, og no ventar toppoppgjer mot Jotun om ei veke.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi er glade for å ta to poeng mot eit relativt godt Stord lag. Då vi møttest på Stord sist gong tapte vi med åtte mål. Prestasjonane våre svinga ein del denne kampen, og vi spelar litt for ujamt, seier trenar Øyvind Indrebø.

Han fortel av heimelaget hadde føringa i heile første omgang, og leia 13–10 til pause. I starten av andre omgang kom Stord inn igjen i kampen, og utfordra damene frå Førde.

– Avslutningane våre var unøyaktige i periodar, og då kom dei innpå oss igjen. Men, vi synte karakterstyrke dei siste 12–13 minutta og vann kampen med godt spel mot slutten, seier Indrebø.

Etter 60 minutt vart stillinga 31–24 til Førde. Alexandra Gabriella Baiesu og Martine Vindheim fekk flest nettkjenningar på heimelaget, med sju mål kvar.

Må heve seg før avgjerande toppkamp mot Jotun

Laget kan dermed krysse av for sin sekstande siger i 2. divisjon denne sesongen. Og med sine 33 poeng ligg dei to poeng føre Sognelaget Jotun. Dermed er det også duka for eit lokalt toppoppgjer komande søndag.

– Det blir ein tøff kamp. Vi må prestere betre totalt sett mot Jotun enn det vi gjorde i dag. Vi er veldig innstilt på å få det til, men vi har sjølvsagt ingen garanti. Spelet må opp eit nivå, og det har vi ei veke på å førebu, seier trenaren.

Førde har berre kampen mot Jotun og ein kamp mot Kjøkkelvik igjen på programmet denne sesongen. At det er tett i tabelltoppen prøver han og laget å tenkje minst mogleg på før det som kan bli ein avgjerande kamp.

– Vi ser på det vi skal gjere på bana. Gjer vi det godt nok, så vinn vi.

Kva som er største skilnaden på dei to laga frå fylket som skal møtast til dyst søndag meiner han ein først får svar på under kampen. Skal Førde stikke av med sigeren er han klar på kva dei må gjere.

Øyvind Indrebø

GLER SEG: Trenar Øyvind Indrebø er glad for at det er to lag frå fylket som kjempar om sigeren i 2. divisjon.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi hadde eit godt forsvar i sist kamp mot Jotun, det må vi ha denne gong også. Og så må vi vere meir nøyaktige i avslutningane framme. Vi går på bana for å prestere godt og for å vinne.

Glad for at det er Jotun dei kivast med i toppen

Laget frå Førde spelte i 2. divisjon også i fjor, men vart tidleg hekta av i kampen om topplasseringane.

– Målsettinga vår i år var å kjempe i toppen. Held det heilt inn, så syns vi det er kjekt sjølvsagt, og ein flott bonus.

Indrebø, som tidlegare var mangeårig krinssekretær i handballkrinsen og også har arbeidd i Handballforbundet sentralt, syns det er positivt at det er to lag frå Sogn og Fjordane som krigar om sigeren i divisjonen.

– Heilt ærleg og oppriktig, så syns eg det er veldig kjekt at Førde og Jotun kjempar om å vinne seriemeisterskapen og spele kvalifisering til 1. divisjon. Eg registrerer også at klubbar som Dale, Gloppen og til dels Stryn gjer det bra i sine 3. divisjonar. Det tyder på at laga frå fylket heng godt med. Så får vi håpe at eit av laga snart er å sjå i 1. divisjon.