Hopp til innhold

Førde vann mot Randaberg

Med halve førstelaget på utanlandsturar, var det ein spent trenar Frank Kalstad som sette kursen mot Randaberg laurdag.

Nils Edvin Numme og Frank Kalstad

NY SIGER: Førde Volleyballklubb kan gle seg over nok ein siger. Her frå cupfinalen tidlegare i år.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

For fire av spelarane hans er vekke denne helga. Nils Numme og Martin Støyten er i Brasil, medan Lars Fredrik Tvinde og Jonas Kvalen er med juniorlandslaget i Nederland.

Var spent på mottaket

Dermed måtte Kalstad prøve ei ny oppstilling på bana. Kalstad bytta posisjonar på enkelte av spelarane han hadde igjen.

– Vi rokkerte på laget, og eg var mest spent på mottaket der eg hadde to nye mann. I byrjinga sleit vi litt, men etterkvart gjorde dei ein kjempeinnsats.

Rota i fjerde settet

Og det gjekk bra med Førde. Dei møtte eit toppa Randaberg, men klarte likevel å å vinne kampen. Kampen enda 2-3 og settsifra vart 25-19, 22-25, 26-28, 29-27, 13-15

– Det blei ein siger til, og det er eg nøgd med. Vi burde nok ha vunne 3-1, men så rota vi på slutten av det fjerde settet. Dermed blei det fem sett.

Satsar på sølvplassen

Laget har no slege Randaberg alle gongen dei har møtt dei. Dei to neste helgene har laget spelefri, før dei møter Koll og Nyborg til dobbel bortekamp den siste helga i februar.

Førde vollyeballklubb som tidlegare i år både blitt norgesmeistrar og nordiske meistrar, ligg på 2. plass på tabellen med 27 poeng. Øvst ligg Nyborg og trenar Kalstad trur ikkje dei klarer å ta igjen Bergens-laget. Årsaka er ein dårleg start på sesongen.

– No satsar vi på sølvplassen, for vi har god margin til Randaberg som ligg på 3. plass.