Hopp til innhold

Førde vann første kvalifieringskamp

Laurdag ettermiddag vann Førde den første kvalifiseringskampen om opprykk til 2. divisjon.

Førde - Åskollen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei slo drammenslaget Åskollen 2-0 på heimebane. Steinar Tenden og Gisle Isene skåra kvar sitt mål i første omgang.

Best i første omgang

Førde var klart best i første omgang, medan det i var jamnare i 2. omgang.

Åskollen skapte ikkje sjansar før på overtid. Då fekk dei eit hjørnespark som vart nikka mot vinkelen. Men der var Ole Henrik Gulliksen med eit tigersprang og fekk slått ballen til ein ny corner.

- Eit godt utgangspunkt

Førde-trenar Knut Erik Folland er nøgd med 2-0.

- Eg er spesielt godt nøgd med førsteomgangen og at vi ikkje slepp inn mål, dette er eit godt utgangspunkt framfor returkampen i Drammen.

Folland vil ikkje at laget skal gå på bana i den kampen for å forsvare 2-0.

- Vi går til kampen med same utgangspunkt som i alle kampar. Vi skal score mål og vinne kampen.

God stemning i dårleg ver

Det regna og var svært vått, men det var likevel god stemning på stadion blant dei 841 tilskodarane som hadde teke turen til Førde stadion.

Per Øyvind Storevik i Førde Fotball er veldig nøgd med tilskodartalet i det dårlege veret.

Kampfakta:

  • Førde kjem best i gang i kampen.
  • 6. minutt: Frispark frå 25 meter ved Øystein Vetti, Førde
  • 8. minutt: Kampens første corner. Farleg situasjon, men Åskollen får klarert.
  • 11. minutt: Ny corner til Førde, blir klarert. Førde har trykket, men ingen klare målsjanser.
  • 13. minutt: Åskollen får sitt første skot mot mål, men Ole Henrik Gulliksen reddar.
  • 17. minutt: Åskollen er meir med i kampen. Ny avslutning som går utanfor.
  • 22. minutt: Øystein Vetti ut med skade. Blir erstatta med Gisle Isene.
  • 25. minutt: 1-0 ved Steinar Tenden, Førde. Tenden høgast i duell med keeper og stusser ballen i mål.
  • 28. minutt: 2-0 ved Gisle Isene
  • 30. minutt: Alexander Hjelmeland Rygg stupeheader like utanfor mål.
  • 35. minutt: Kim Tangedal med kjempesjanse. Godt forarbeid av Steinar Tenden som får lagt inn. Keeper redder på streken.
  • 43. minutt: To corner til Førde. Første blir stussa over eige mål av Åskollen-spelar. Siste blir avslutta i henden på keeper.
  • 45. minutt: Frispark frå hjørnet av 16-meteren.
  • PAUSE - Førde har vore best i 1. omgang og har skapt flest og størst sjansar. Bana er våt og glatt, og det er Førde som taklar det best.
  • 2. omgang er i gang
  • 50. minutt: Åskollen med avslutning frå fem meter som går via Førde-spelar og over mål.
  • Førde har hatt nokre store sjansar i 2. omgang.
  • Spelar no på overtid
  • Frispark til Førde - gjekk like utanfor mål.
  • Nytt frispark til Førde
  • Åskollen fekk to hjørnespark heilt mot slutten.
  • SLUTT
Supporterar frå Åskollen

Nokre av supporterane til Åskollen.

Foto: Oddleif Løseth / NRK