– Dette er svært gledeleg, seier styreleiar i Jølster Skisenter, Atle Hamar.
Blomlia tapte kampen om å bli regionalanlegg. Foto NRK.
Kommunen sin eigen alpinbakken, Blomlia, skal no bli såkalla nærmiljøanlegg, heiter det i Førde sin kommunedelplan.
Striden lagt død
Støtta frå Førde til Jølster er i tråd med tilrådinga frå Sogn og Fjordane skikrins, men det er ein langvarig dragkamp om status som no blir lagd død.
Ein glad Atle Hamar. Arkiv©NRK
Seinast i vinter hevda leiinga i skianlegget i Blomlia at dei hadde betre føresetnader for å trekke folk til seg enn anlegget i Jølster, og at Blomlia difor burde få statusen som regionanlegg.
Har hindra utvikling
Hamar meinar dragkampen har hindra utviklinga av skisporten i Sunnfjord. Han seier støtta frå Førde er med på å tryggje dei store utbyggingsplanane Jølster Skisenter no skal realisere.