Hopp til innhold

Elleville jubelscener då Førde sende Brann ut av cupen

(FØRDE – BRANN: 0-0, 5-4 på straffe): Nesten 3000 elleville førdianarar var i fyr og flamme etter å ha vore vitne til ei real cupbombe: Førde har slått ut Brann. Det er første gong på 77 år at Brann er ute av NM-cupen etter første runde.

Førde jublar etter å ha slege Brann.

SIGERSJUBEL: Slik jubla Førde-spelarane etter å ha banka Brann. Video: Rune Fossum

Det vart eit cupdrama av dei sjeldne då andredivisjonslaget Førde tok imot Brann onsdag kveld. Etter 120 minutt vart det heile avgjort på straffespark. Medan Førde skåra på alle fem vart det bommen til Bismar Acosta som sende Brann ut av cupen. (Sjå heile straffekonkurransen nedst i saka).

Førde-keeper Christian Aarbogh Bjerke stod som ei klippe gjennom heile kampen.

– Dette er enormt. Det er herleg, seier ein tydeleg stolt keeper Christian Aarbogh Bjerke.

Han bokstavleg talt stengde buret gong på gong då Brann forsøkte seg mot Førde sin sisteskanse. Bjerke stod som ein levande vegg.

– Eg hadde dagen i dag. Ordentleg, marginane var med meg, seier han.

Førde slo sensasjonelt ut Brann i fotballcupens første runde.

HISTORISK SIGER: Førde-keeper Christian Aarbogh Bjerke fekk ros frå alle kantar etter cupdramaet.

– Cupen er artig for oss askeladdar

NRK får så vidt tak i keeperhelten midt mellom elleville førdianarar etter kampslutt. For då dommaren bles av kampen, storma publikum bana i rein lykkerus.

– Dette er som forventa, seier Bjerke med stoisk ro.

– Som forventa?

Distansen mellom oss og Brann er ikkje så stor. Cupen er artig for oss askeladdar, då er alt mogleg. Dette er kjempeartig, gliser han.

Laster Twitter-innhold
Bismar Acosta bommar for Brann i cupdramaet mot Førde

BOM: Bismar Acosta sende ballen over mål i Brann sitt andre straffespark.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Nesten tjue sjansar

Utanfor Brann sin garderobe ligg ei dyster mine over trenar Lars Arne Nilsen. Han har nok med å forklare kvifor Brann let ei rekkje av dei forventa førstelagsspelarane vere heime i Bergen.

– Det har skjedd tusen gonger før, og i dag skjedde det med oss. Det er berre å beklage, og det er veldig trist for oss. Men Førde gjorde ein kjempejobb og hadde ein fantastisk keeper. Vi hadde nesten 20 sjansar, men treffer dei ikkje, og då vinn ein ikkje fotballkampar, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen til NRK.no etter kampen.

– Har de undervurdert Førde?

– Nei, det har vi ikkje. Eg synest vi stod på og gjorde stort sett det vi skulle. Vi hadde nesten 20 sjansar, og då skal ein normalt skåre fire, fem mål. I dag hadde vi rett og slett ikkje dagen framfor mål, seier Nilsen.

Førde gav gjestene frå Brann tøff motstand, her etter første ekstraomgang

SLITNE: Begge laga var tydeleg slitne etter ordinær tid. I ekstraomgangane var det endå meir tydeleg at laga var slitne. Her er Førde med ein pust i bakken etter første ekstraomgang.

Foto: Rune Fossum

– Heilt rått

Førde-spelar Thor Jørgen Spurkeland vart cupmeister med Brann i 2004. No slår han ut sitt tidlegare lag i første runde.

– Dette er heilt rått. Vi går ut og gjer det vi er blitt samde om. Det handlar om å springe til vi stuper. Alle bidreg og gjer så godt dei kan, seier han og held fram:

– Gjer vi det har vi sjanse til å hamle opp med dei, og det viste vi i dag at vi faktisk greidde, gliser han før han er rask med å legge til:

– Vi er litt heldige av og til, men vi hadde våre sjansar. Då det gjekk til straffekonkurransen tenkte eg: Dette er dagen, seier Spurkeland.

Brann på gyngande grunn

Brann var tydeleg i trøbbel i første runde av NM-cupen. Det unge sunnfjordlaget gav eliteseriespelarane tøff motstand. Etter 0–0 til full tid og to mållause ekstraomgangar måtte det avgjerast på straffe.

Førde hadde store sjansar i løpet av dei to ordinære omgangane, mellom anna med skot i tverrliggaren. Brann var på gyngande grunn, men også dei hadde sjansar til å skåre.

Med to ekstraomgangar kunne alt skje. Men heller ikkje då ville det seg for nokon av laga.

Først då laga møttest på straffemerket greidde Førde å få has på gjestane. Stemninga i parken vart ellevill og dei vel 3000 frammøtte fekk definitivt igjen for pengane.

MÅL - STRAFFEKONKURANSE. 5–4.
Markus Attila
BRAMÅL - STRAFFEKONKURANSE. 4–4.
Kristoffer Barmen
FILMÅL - STRAFFEKONKURANSE. 4–3.
Øystein Myrkaskog
BRAMÅL - STRAFFEKONKURANSE. 2–4.
Steffen Lie Skaalevik
FILMÅL - STRAFFEKONKURANSE. 3–2.
Simen Melhus
BRAMÅL - STRAFFEKONKURANSE. 2–2.
Heltne Nilsen
FILMÅL - STRAFFEKONKURANSE. 2–1.
Vegard Salvland scorer!
BRABOM - STRAFFEKONKURRANSE.
Acosta dundrer straffen over mål!
FILMÅL - STRAFFEKONKURANSE. 1–1.
Kristoffer Haaland Iversen
BRAMÅL - STRAFFEKONKURANSE. 0–1.
Jonas Grønner

Folkefest

– Dette er fantastisk. Det er ein fest, med sol og fint vêr, jubla dagleg leiar Irene Bjørndal i Førde IL undervegs i cup-oppgjeret i strålande fint vestlandsvêr.

Bjørndal i Førde IL seier arrangementet til no har gått knirkefritt og at det til saman er 2973 personar som får med seg det spennande oppgjeret.

– Stemninga har vore super og vi har berre fått gode tilbakemeldingar frå dei tilreisande, seier ho og legg til at det ikkje har vore bråk av noko slag:

– Det er kjekke folk, ikkje noko tull, fantastisk bra, seier den travle leiaren.

Folkefest då Førde tok i mot Brann i første runde av NM-cupen

FOLKEFEST: Vel 3000 menneske får med seg det nervepirrande oppgjeret mellom Førde og Brann i første runde av NM-cupen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ivrige supportarar under Førde-Brann i Hafstadhagen

CUPKAMP: Førde sitt gutar 16-lag var blant dei over 2000 frammøtte i Hafstadparken i Førde. Det er ikkje kvar dag andredivisjonslaget har så fint besøk.

Foto: Alf Vidar Snæland