Hopp til innhold

Førde-spelar ynskt i Frankrike

Landslags- og førdeoppleggjaren Jonas Kvalen sine kvalitetar er ynskt i Europa og Canada. No kan 19-åringen gleppe for årets cupmeister i volleyball.

Kenneth Jørgensen, Jonas Kvalen og Geir Eithun

VIL UT: Fleire klubbar er aktuelle når Jonas Kvalen (nr. 13) vil livnære seg på volleyball i utlandet.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Oppleggjaren frå Volda drøymer om å leve av volleyball i utlandet og har gjennom kontaktar i Norge kome i kontakt med klubbar i utlandet.

I tillegg til tilbod frå universitetslaget i canadiske Alberta og ein klubb frå nest høgaste nivå i Frankrike, er klubbar i Belgia, Austerrike og Russland aktuelle.

– Målet mitt er å ikkje bli i Norge neste sesong, men kvar eg hamnar har eg ikkje fått bestemt meg for. Eg er midt i skule og eksamen, men lyt sette meg ned og sjå på dette så snart som råd, seier Kvalen.

Sakn for Førde

Med sine 194 centimeter på strømpelesten, har 19-åringen ei smashrekkjevidde på 335 centimeter.

Skulle han reise frå Førde, vedgår trenar Frank Kalstad at det vil bli eit sakn for fjorårets cupmeister.

– Aller helst ynskjer vi å ha han her. Han var ein viktig spelar for oss i fjor. Jonas er tøff i hovudet, har ein fysikk som er viktig å ha på oppleggarplass og er ikkje berre ein god leggjar, men også ein god blokkarbeidar, seier Kalstad.

Kan lukkast

Kalstad har stor forståing for at Kvalen ynskjer å prøve lukka i utlandet. Han har også tru på at 19-åringen er av dei som kan lukkast.

Sunnmøringen spelte i fjor for seniorlaga til Topp Volley Norge (TVN) og Førde, samt juniorlaget til KFUM Volda. Med Førde vart Kvalen både norsk og nordisk meister i volleyball.

Frank Kalstad

KAN LUKKAST: Førde-trenar Frank Kalstad trur Jonas Kvalen kan lukkast som proffspelar i utlandet.

Foto: Rune Fossum

– Det viktigaste er at han får halde fram utviklinga. Han er ung, men allereie ein veldig god leggjar. Samstundes har han mykje å gå på. Difor er det viktig for han å tenkje seg grundig om kva han skal gjere når han er verdig på TVN, meiner Kalstad.

– Må lære noko

Kvalen drøymer om å spele volleyball på heiltid og å kunne livnære seg på det. Men kvar, er framleis i det blå.

Sunnmøringen har inntrykk av at den franske klubben har ein ung stall og ung trenar, medan universitetet i Alberta har ein tidlegare canadisk landslagsoppleggjar som trenar.

– Det som freistar mest, er ein klubb som har nokon eg kan lære av. Eg er ikkje hundre prosent utvikla som volleyballspelar, så klubben må ha anten ein veldig god trenar eller ein veldig god førsteoppleggjar som eg kan lære av, seier han.

Søkte råd frå Eithun

Geir Eithun er mellom dei 19-åringen har rådført seg med. Eithun har sjølv eit lengre opphald i utlandet bak seg.

– Eg har fått ein del råd om kva eg bør gjere og ikkje gjere. Når eg skal ut, så kan eg ikkje berre takke ja og stikke. Eg er blitt åtvara mot å skrive under utan å få skikkeleg avklara alt som står i kontrakten, seier Kvalen og presiserer at ingenting er avklara per no.

Nyborg eller Førde

– Skulle det ikkje bli noko utanlandsopphald i denne omgang, kan det vere at eg tek eitt års studium ein stad i Norge. Og blir det spel her i landet, så blir det anten Nyborg eller Førde, seier han.

– Men målet er å ikkje bli i Norge, legg han til.

P.S. I tillegg til at Kvalen truleg reiser frå Førde, er det allereie avklara at Nils Edvin Numme, Torgeir Tundal og Tor Kristian Kvammen gir seg i Førde-trøya.