Hopp til innhold

Førde slo Stryn i handball

Førde slo Stryn 44–7 i ein andredivisjonskamp i handball i Førde i dag. Med det har Førde teke eit viktig steg i retning av å rykke opp til førstedivisjon for første gong. Førde har no 35 poeng, og på plassen bak ligg Stord med 27 poeng. På tysdag skal Stord spele mot Åsane, og neste helg skal Førde møte Skrim. Då kan det heile bli avgjort.

Maria Oppedal
Foto: Alf Vidar Snæland