Hopp til innhold

Vil ikkje bortforklare Førde-tapet

– Kjekt å vinne, seier Førde-trenar Knut Erik Folland. – Mykje som ikkje heilt stemmer. Ein svak prestasjon av oss, svarar assistenttrenar Tom Mangersnes i Sogndal.

Førde-spelarane feirar

JUBEL: Gisle Isene har sett inn 2–1 til Førde på tampen av kampen. Det vart også sigersmålet i treningskampen mot eliteserielaget Førde.

Foto: Christian Blom / NRK

Førde trekte det lengste strået då dei to klubbane møttest til årets første treningskamp i Sognahallen laurdag.

Tonny Brochmann gav eliteserielaget oppskriftsmessig 1–0. Etter sytte Kristian Fardal Opseth og Gisle Isene for at 2. divisjonslaget vann kampen 1–2.

– Kjekt å vinne. For all del. Men vi legg ikkje noko meir i resultatet enn det, seier Førde-trenar Knut Erik Folland.

Tapte 4–1 i fjor

– Eg tykkjer vi gjer ein kjempekamp, der vi er godt strukturert defensivt og held rammene vi skal. Vi er lenger framme i år enn vi var på same tid i fjor, held Folland fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal-trenarane Tom Mangersnes og Jonas Olsson.

LITE STEMDE: Trenarane Tom Mangersnes og Jonas Olsson konstaterer at årets første seriekamp var ei svak oppvisning frå Sogndal si side.

Foto: Christian Blom

For vel eitt år sidan vann Sogndal 4–1 i tilsvarande treningskamp.

– Tenkjer nok som Knut Erik, at Førde er langt framme per i dag i høve sitt nivå og sine konkurrentar i sin divisjon. Dei var kvasse når dei fekk sjansen til å ta ubalansen i Sogndal-laget. Slik vi står fram, er vi nok eit hakk etter, meiner assistenttrenaren i Sogndal, Tom Mangersnes.

Uvande posisjonar

For kampen i Sognahallen i dag vart ein kamp der Sogndal førte mykje, men sleit med å bryte gjennom eit kompakt Førde-forsvar. Når sjansen kom, trefte ikkje Sogndal-spelarane med avslutningane sine.

Mangersnes meiner laget produserte nok sjansar til å vinne kampen, men svikta kollektivt.

– Eg vil ikkje bortforklare noko som helst, men eg trur nok ikkje vi hadde stilt med ei backlinje med Ruben Holsæter, Kristoffer Stephensen og Erik Skaasheim som midtstoppar i Eliteserien. Vi hadde spelarar ute og ikkje tilgjengelege, noko som gjorde at fleire måtte bekle uvante posisjonar og i ukjende konstellasjonar, seier Mangersnes.

Scora frå midtbana

Tony Brochmann og Logi Valgardsson (t.v.)

GODKJENT: Logi Valgardsson fekk 90 minuttar som venstreback for Sogndal. – Logi viser at ein venstrebeint venstreback blir ein viktig dimensjon å få tilbake for Sogndal, seier assistenttrenar Tom Mangersnes.

Foto: Christian Blom

– Likevel bør vi kunne levere betre prestasjon enn i dag, legg han til og meiner Førde sine to mål burde vore avverja.

Isene avgjorde kampen etter klabb og babb framfor Sogndal-buret, medan ein upressa Fardal Opseth avslutte frå midtbana og ballen gjekk i høg boge over keeper Stian Dyngeland og i mål.

– Der bør ikkje Førde få vinne ballen, dei bør ikkje få stå upressa og skyte og når ballen likevel går i mål, så viser det at vi var fleire feilplasserte spelarar, seier han.

– Høgare tenningsnivå

For Førde sin del var det meir som stemte. Folland tek ikkje heilt av etter sigeren mot Sogndal. Til det er 2014 alt for ungt.

– Tenningsnivået vårt er nok høgare enn Sogndal sitt, og vi fekk dei svara vi ville ha. Eg tykkjer vi er godt i gang, sjølv om eg ser at vi må prioritere høgt angrep mot etablert forsvar framover, seier Folland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tribunene under Sogndal - Førde

MØTTE OPP: Ein del publikumarar møtte opp for å få med seg treningskampen mellom Sogndal og Førde.

Foto: Christian Blom

Som var glad for å sjå Bernt Norevik tilbake på bana . Det er over eitt år sidan han sist spelte fotball .

– Det som imponerte meg mest er at vi har fleire unge spelarar som står fram og gjer ein god jobb. Det viser konkurransen vi har i laget. Det er ein del spelarar som var faste i fjor, som heilt sikkert kjenner puste i nakken, legg Folland til.

Litt lite «godfotrelasjon»

Sogndal irriterer dei seg over den svake prestasjonen, men det er framleis nokre månader til seriestart. Om ei veke kjem HamKam til bygda for årets andre treningskamp.

Då ventar assistenttrenar Mangersnes å sjå eit heilt anna Sogndal-lag enn mot Førde.

– Alle testresultat viser at vi ligg lenger framme enn på same tid i fjor, og at vi ikkje får det ut i kamp trur eg kan tilskrivast at vi prioriterer mykje fysisk no. Samt at spelarane fekk litt andre utgangsposisjonar. Det vart litt for lite «godfotrelasjonar», avsluttar han.

P.S. Sogndal var utan Hannu Patronen, Rune Bolseth og Taijo Teniste i oppgjeret mot Førde. Sunnfjordingane var på si side utan Alexander Ødegaard, Øystein Vetti, Johan Vennberg og Øystein Myrkaskog.