Hopp til innhold

Førde slaktar Bremanger

Revisor Terje Førde i Bremanger kjem med knusande kritikk av kommuneleiinga etter terrasaka.

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad.

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Eg vonar eg aldri kjem borti liknande, seier Førde og konstaterer at rutinane i kommunen svikta punkt etter punkt i sjølv den mest elementære sakshandsaming.

- Skremde meg

- Det har vore tungt. Vanskeleg. Ei omfattande og stor sak. Uansett kva steinare vi har løfta, så har vi funne nye ting. Det har skremt meg, held revisoren fram.

Kontrollutvalet og ordføraren i kommunen fekk måndag presentert ein 40 sider lang rapport. Innhaldet kan best skildrast som knusande kritikk etter terraskandalen.

Svikt på svikt

Etter side opp og side ned med knallhard kritikk, kjem revisjonsrapporten fram til følgjande usedvanleg harde konklusjon:

"Bremanger kommune har svikt og manglar i følgjande rutiner:

- svikt i økonomisk handsaming

- svikt i etterleving av internt reglement

- svikt i rapporteringsrutinar og informasjonsflyt

- svikt i elementær sakshandsaming

- svikt og manglar i bokføringsrutinar

- ufullstendig rapportering/informasjon overfor tilsynsorgana."

Terra styrde løpet

Tor Kristian Gulhaugen

Tor Kristian Gulhaugen.

Foto: NRK

I revisjonsrapporten kjem det fram korleis rådmann Tor Kristian Gulhaugen i høyringar hos kontrollutvalet har vedgått at Terra rådgjevarane i praksis styrde heile løpet.

"Det vart aldri vurdert å kontrollere eller overprøve dei råd utsegner som kom og rådmannen stolte heilt og fullt på rådgjevarane".

Det lukkast ikkje NRK å få kommentar frå Gulhaugen.