Hopp til innhold

Førde-selskap kjøpt opp av irer

Førde-selskapet Produs og søsterselskapet Produs Aqua blir irske Alltech sitt niande og tiande oppkjøp når dei no utvidar drifta i Europa.

Produs, Førde

NY EIGAR: Produs i Førde har fått nye eigarar. F.v.: CFO Magne Kolstad, Linda D. Hauge i administrasjonen og salsdirektør Leif Loe.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Alltech er globalt leiande innan dyrehelse og ernæring, og har i kring ti år samarbeidd med dei to familieeigde Produs-selskapa.

Kjøpebeløpet blir halde hemmeleg, men finansdirektør Magne Kolstad meiner verksemdene med totalt 15 tilsette kjem styrka ut av oppkjøpet.

– Alltech er eit selskap der forsking står i framsetet. Det er annleis å vere på innsida enn å stå på utsida. No får vi vere med å utvikle nye produkt i næringa.

– Du er ikkje redd for at arbeidsplassar skal bli flytta eller lagt ned?

– Nei, tvert om. Spesielt på havbruksnæring der Norge er fremst i verda, blir vi styrka og kan satse hardare i Norge. Vi kan utvikle teknologi her som kan brukast andre stader i verda, seier han.