Hopp til innhold

Førde rota neste vekk sigeren.

Førde vann ein kjærkomen siger på heimebane mot Egersund laurdag. Heimelaget gjorde det spanande på slutten ved å sleppe inn to mål. 3-2 sigeren var likevel nok til å klatre på tabellen. Førde har no 16 poeng og ligg på sjuande plass, med berre fire poeng opp til andreplass. Måla laurdag vart scora av Vegar Gjermundstad, Matias Fjeldal Olsen og Eirik Lund Holm.