Hopp til innhold

Førde på veg mot ny kontrakt

Førde tok laurdag ettermiddag tre livsviktige i kampen om å overleve i 2. divisjon.

Førde - Frigg

EKTE GLEDE: Førde-spelarane jublar etter 1-0-scoringa.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ruben Holsæter

DAGENS HELT: Med bandasjert arm scora Ruben Holsæter (19) to av Førde sine tre mål mot Frigg. Her under oppvarming før kampen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Knut Erik Folland

LETTA: Trenar Knut Erik Folland pustar letta ut etter å ha sett laget gå frå 1-10-tapt til 3-1-siger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Førde - Frigg 3-1 (2-1)

Etter det famøse 1-10-tapet borte mot Vålerenga 2 måndag, vart det eit revansjesugent heimelag som tok imot Oslo-laget Frigg på Førde stadion.

– Det var ufatteleg deilig i å få denne sigeren i dag. Eg er imponert over gutane som har løfta seg så mykje på ei veke, seier Førde-trenar Knut Erik Folland til NRK etter kampen.

Har sju poengs luke

Med tre kampar igjen av årets sesong ligg Førde no på åttandeplass med 31 poeng. Laget har sju poeng ned til Os på nedrykksplass.

Hadde Os avgitt poeng mot Ole Hjemlhaug (eks Sogndal) sitt Stord-mannskap laurdag, hadde Førde vore sikra 2. divisjonsspel også neste år. Men osingane rei stormen av og vann 3-2 på bortebane.

To kjappe mål

Likevel, Førde gjorde jobben sin på eige gras og fekk ein real pangstart mot Frigg. Alt fem minutt ut i kampen sende stortalentet Ruben Holsæter i veg eit velplassert skot frå ca 20 meter. Ballen smaug seg fint inn mellom stengene nede i høgre hjørne.

Etter eit kvarters spel var det igjen duka for Førde-jubel. Ballen hamna i føtene på Thor Erik Nygård som sette inn 2-0. Eirik Sandstad reduserte for Frigg etter 36 minutt, og 2-1 vart også stillinga til pause.

Straffespark

Då Førdes Christer Husa vart fellt av Frigg-målvakta etter 67 minutt, peika dommaren på straffemerket. Ruben Holsæter let seg ikkje be to gonger, og fastsette sluttresultatet til 3-1.

– Eg synest vi spelar ein veldig bra kamp. Vi er bunnsolide defensivt og skaper noko heile tida framover, så dette var veldig kjekt, seier tomålsscorar Ruben Holsæter.