Hopp til innhold

Førde opnar for HAFS

Formannskapet i Førde gjekk i går samrøystes inn for å slå seg saman med Jølster, Gaular og Naustdal i ein liten Sunnfjordkommune. Det skriv Firda. Samstundes gjekk fleirtalet inn for å la ein eller fleire HAFS-kommunar (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund) vere med om dei andre kommunane er samde i det. I går sa formannskapet i Jølster nei til dette, det same har formannskapet i Gaular sagt tidlegare.