Hopp til innhold

Førde og Sunnfjord veks mest

Førde og Sunnfjord har desidert størst folketalsvekst i Sogn og Fjordane til no i år.

Førde sett frå Viefjellet juni 2012
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I heile fylket var det ein auke i innbyggjartalet på 223 frå 1. januar til 1. juli i år. Førde kommune hadde åleine over halvparten av denne veksten, der auka folketalet med 124 til 12.431.

Ordførar Olve Grotle meiner det er mange grunnar til auken.

– Det totale biletet, slik eg ser det, er at Førde er ein veldig attraktiv stad å bu.

(Artikkelen held fram under biletet).

Olve Grotle, ordførar i Førde kommune

- ATTRAKTIV STAD Å BU: Ordførar Olve Grotle i Førde.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Auke i nesten heile Sunnfjord

Også i resten av Sunnfjord var det auke, berre Askvoll av Sunnfjord-kommunane hadde nedgang i folketalet.

I Sogn er det derimot nedgang, også i regionsenteret Sogndal, der folketalet gjekk ned med 12 til 7336 i løpet av første halvår. Varaordførar Laura Kvamme trur dette endrar seg når studentane er på plass, men synest det er synd at det minkar i regionen, det er ein samla nedgang på 61 i Sogn.

– Generelt er det viktig at vi er aktive og syter for at Sogn er på bana med både arbeidsplassar og butilhøve.

(Artikkelen held fram under biletet).

Nye studenthyblar i Sogndal

VENTAR PÅ STUDENTANE: Varaordførar Laura Kvamme i Sogndal har opna nye studenthyblar og trur på vekst.

Foto: Christian Blom

Ikkje flinke nok på arbeidsinnvandring

I Nordfjord har folketalet auka litt,men i regionsenterkommunen Eid var det ein nedgang på 13 til 5937. Ordførar Alfred Bjørlo seier dei ikkje har vore flinke nok.

– Går vi bak tala ser vi at Eid er for dårlege på å få vekst i innflytting frå utlandet slik ein del andre kommunar har fått til.

(Artikkelen held fram under biletet).

Alfred Bjørlo

IKKJE FLINKE NOK: Ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I Sogn og Fjordane var det 108.424 innbyggjarar 1. juli i år. Her er heile statistikken :