Hopp til innhold

Knuste Randaberg 0-3 - no jaktar Førde seriegull

Eit heiltent Førde-lag synte styrke på bortebane og sende Randaberg slukøra av bana etter å ha vunne tre strake sett. No kjenner Førde-spelarane lukta av gull ...

Lars Fredrik Tvinde

HAR TRUA: Lars Fredrik Tvinde og resten av Førde VBK har fått ferten av gull.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette var herleg og ein kjempesiger. Det var utruleg god laginnsats, seier Lars Fredrik Tvinde, etter sigeren borte mot Randaberg.

Kampen enda med settsiffera 22-25, 24–26 og 20–25.

I fjor jubla Førde-laget hemningslaust etter å ha sikra seriegullet på heimebane etter å ha slått Kristiansund VBK 3–0.

Den suksessen kan dei gjenta dersom dei gjer det godt i dei neste fire kampane, samt knuser erkerival Nyborg i serieavslutninga heime i Førdehuset om nokre veker, trur Tvinde.

Kan bli seriegull nummer tre

Viss så skulle skje, vil Førde VBK ta sitt tredje seriegull.

– Eg er optimist. Kvar kamp tel. Vi må gje alt i kva einaste kamp. Men det er heilt klart mogleg å vinne serien, seier Tvinde.

Serieleiar Nyborg vann til slutt over BK Tromsø etter fem sett, og held framleis tabelltoppen. nbsp;

Etter at Nyborg slo Førde førre helg, var kaptein Kåre H. Morken ute i bt.no og sa at han kjende seg sikker på at gullet skal til Bergen.

Blir ein thriller til siste kamp

Men med sigeren i dag har Førde god kontakt, og ingenting er avgjort før siste kamp er spelt.

– Det blir ein thriller fram til siste kamp. Men sigeren i dag var topp for motivasjonen, seier Tvinde.

Førde låg så vidt under i andre sett, men reiste seg og drog sigeren trygt i land.

– Vi gjorde veldig mykje riktig. Vi går opp og tek leiinga, og held dei nedåt. Då var det grei skuring, seier Tvinde.

Han trur ein av grunnane til at Førde gjer det godt, er at dei har det kjekt i lag.

– Vi har det ufatteleg kjekt og syner stor speleglede. Det trur eg er nøkkelen, seier Tvinde.

Neste helg møter Førde Kristiansund og NTNUI borte. Helga etter spelar Førde to bortekampar mot BK Tromsø. Søndag 6. april er det serieavslutning i Førdehuset der Nyborg kjem på besøk.