NRK Meny
Normal

Førde mottak vert lagt ned

UDI legg ned Førde statlege mottak med 150 plassar på Bergum i Førde.

Førde mottak

SLUTT PÅ MOTTAK: No må 150 bebuarar på Førde mottak flytte.

Foto: KJELL ARVID STØLEN / NRK

– Mottaket vert lagt ned ved årsskiftet, seier mottaksleiar Nyonga Rugumayo Amundsen.

Både tilsette og bebuarane fekk torsdag føremiddag beskjeden om at det ikkje vil vere drift i mottaket frå 31. desember 2017.

Førde mottak er eitt av landets eldste mottak. Det bur 150 personar der no, og desse vert flytta til andre stader. Ni tilsette mister jobben.

Beskjeden var ikkje uventa for mottaksleiaren.

– Det er tungt å få ein slik beskjed. Vi er lei oss, men likevel var ikkje dette uventa, seier Rugumayo Amundsen.

Gutane på Førde mottak for einslege mindreårige asylsøkerar inviterte til cricketturnering i på Bergum.

FATTA: Mottaksleiar Nyonga Rugumayo Amundsen seier at både bebuarar og tilsette tok det heile med fatning.

Foto: Åsta Urdal / Nrk

Berre to mottak att

Førde mottak vert drive av selskapet Hero mottak.

Når Førde mottak vert lagt ned står Sogn og Fjordane berre att med to mottak. Desse ligg i Florø og Sogndal.

UDI varsla i haust at dei ville legge ned Solbakken asylmottak i Florø, men regjeringa bestemte seg for å snu om UDI si avgjerd og la mottaket leve.

I si avgjerd legg UDI vekt på at dei har vore nøgd med Førde som vertskommune, men at det er fleire ulike årsaker til kvifor dei valde å legge ned mottaket på Bergum.

– Der er ein heiltheitleg vurdering av geografi, tal på type operatørar og pris, seier Stig Arne Thune, som er regiondirektør i UDI.

Betyr det at mottak i Sogndal og Florø går ei utrygg tid i møte?

– Ja, vi kan ikkje forsvare tomme lokale og mottaksplassar. Går talet på ankomstar til Noreg ned, og fleire vert busett, så er det grunn til å tru at det kan bli fleire rundar. Det er noko vi må sjå på frå månad til månad, seier han.

Stig Arne Thune

NØGD MED FØRDE: Regiondirektør i UDI, Stig Arne Thune, seier dei har vore nøgd med Førde som vertskommune, men at det er fleire årsaker til at dei no vel å legge ned mottaket på Bergum.

Foto: Nora Lie
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy