Hopp til innhold

Førde-mann dømd for slag

Men fornærma hugsar ikkje kva som skjedde.

Illustrasjonsbilde:Slåssing
Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

Ein laurdagskveld i februar kom ein mann (30) frå Førde i krangel med ein annan person.

Krangelen eskalerte, og den fornærma dytta til Førde-mannen i brystet. Den dømde personen svara med å slå til den fornærma i andletet, slik at han braut nasa.

Alkoholpåverknad

Men på grunn av at begge karane var godt berusa, klarte verken tiltalte eller fornærma å skildre kva som skjedde i retten.

Retten fann det dermed ikkje mogleg å konstantere sikkert kva som var årsaken til krangelen, eller kva som blei uttalt av den tiltalte og den fornærma før slaget.

Ved hjelp av ein tredjepart som var vitne til situasjonen, fann den likevel grunnlag til å dømme Førde-mannen til 45 dagar fengsel og til å betale ei erstating på 2000 kr.