Førde-leiing til pause
Førde leiar med eitt mål til pause i kampen om opprykk til 1. divisjon for damer i handball mot Fjellhammer. NRK sin reporter på staden melder om mykje folk og god stemning. Fjellhammer kom best i gang i kampen, men Førde har henta seg godt inn att fram mot pausen.