Politiførstebetjent Dag Øyen seier at det er usikkert om fleire frå fylket er sakna.
- Eg har førebels berre kjennskap til to personar. Den eine personen er fødd og oppvaksen i Førde og den andre er barnet, seier Øyen.
Sambuaren kom til rette
Devig var på ferie i Phuket i Thailand saman med sambuar og barn. Dei låg dei og sov då bølgja brått fløymde inn i bungalowen dei budde i. Etter det har sambuaren ikkje sett noko til familien sin.
Støttetiltak
Dag Øyen ventar no på tilbakemelding så snart mannskapa er på plass. Ei av dei prioriterte oppgåvene vil vere å prøve å finne den sakna førdekvinna og barnet hennar. Det er no sett i gong støttetiltak for kvinna sin familie.