Dermed tok Marcin Lubiejewski sin første siger som hovudtrenar, og han var nøgd med dagens kamp.
– Det viktigaste er resultatet, sjølvsagt, men eg er glad for at karane kjempa frå første til siste ball. I farlege situasjonar er dei ikkje usikre, dei spelar veldig god volleyball. Det er sjølvsagt mykje vi kan gjere betre, blant anna taktikk, men det vil bli betre frå kamp til kamp, seier polakken.
- LES OGSÅ:
Presterte i ny posisjon
Landslagsspelar Jonas Kvalen har i lang tid før seriestart blitt sett på som ein av dei viktigaste spelarane for Førde komande sesong. I dag synte han det riktig ved å plukke mange poeng. Dette trass i at han grunna ein fingerskade vart flytta frå oppleggjar- til diagonalposisjon.
– Diagonal er ikkje så lett, men han har min posisjon no, så då burde han spele på same nivå som meg eller betre. Eg håpar han klarar det. Det er bra for han at han er så fleksibel at han kan spele både diagonal og kant. Diagonalen er veldig viktig for laget, men han kan takle det. Han har spelt profesjonelt i Polen og veit kva det dreiar seg om, seier Lubiejewski.
(Saka held fram under videoen)
Sjølv var også Kvalen godt nøgd med sin eigen innsats i serieopninga.
– Det var veldig kjekt. Eg har ein skadd finger som gjer at eg vert litt hindra når eg skal fingerslag. Dermed er det litt vanskeleg å spele oppleggjar akkurat no, og eg har heller fått prøve meg som angripar. Eg synest det fungerte bra i dag, og det var ein kjekk start, så får vi håpe at det blir endå betre etter kvart, seier landslagsoppleggjaren.
- LES OGSÅ:
Trassa skadane
For sjølv om oppleggjar er Kvalen sin normale posisjon har han likevel alltid hatt lyst å spele angripar, då han likar å slå ballar. Han trur erfaringa frå oppleggjarposisjon gjer det lettare for han å spele i angrep.
– Som oppleggjar skjønar ein spelet mykje betre, og når eg skal prøve å vere angripar er det ikkje så vanskeleg. Det tek tid å bli veldig god, men eg har bygd meg opp ei viss forståing som gjer det enklare.
- LES OGSÅ:
Kvalen har ikkje berre slite med ein finger, men også med halsbetennelse og feber den siste veka. Likevel synte han krefter på bana.
– Det gjekk heldigvis fint. Litt adrenalin i kroppen, så forsvinn det fort, seier han.
Rumenaren Vaseli Afloarei var også med og plukka mange poeng i serieopninga, sjølv om han har hatt problem med ein legg den siste tida.
– Mot slutten av treninga i går hadde han store smerter i leggen, men han er tøff, så han taklar det som om ingenting har skjedd, seier Lubiejewski.