NRK Meny
Normal

«Eg er ufatteleg stolt av det jentene gjer i dag - dette skal vi bruke til noko positivt »

Førde tapte opprykkskampen mot sørlandslaget Randesund 19–20 i Skienshallen søndag. Dermed brast draumen om opprykk til 1. divisjon. Men trenar Øyvind Indrebø er stolt av gjengen han står i spissen for.

Førde handball

SKUFFA: Førde-trenar Øyvind Indrebø og spelarane var langt nede rett etter kampen. Men trenaren er klar på at laget gjorde ein kjempeinnsats.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg er utruleg stolt, spesielt over moralen dei syner i siste kampen. Vi ligg under og tidvis uavgjort heile vegen, men dei gav seg aldri. Dei gjekk på igjen og igjen, seier Indrebø.

Han peikar på at Førde har ein brei og godt samansveisa stall.

– Dette er eit lag med stor L. Alle leverer, dei er flinke til å coache kvarandre og dei støttar kvarandre heile vegen. Dei er ein fantastisk gjeng å jobbe saman med, og eg er privilegert, seier Indrebø.

Mangla det vesle ekstra

Men trass i iherdig innsats frå eit samansveisa Førde-lag, vart sørlendingane frå Randesund hakket for sterke.

– Vi leverer ein god kamp, men vi klarte ikkje det vesle ekstra. Men eg er stolt av innsatsen, seier Indrebø.

Då dommaren bles i fløyta, var Førde-jentene utruleg skuffa.

– Det er ekstra bittert at det berre var eitt einsleg mål dei slo oss med, for vi var så nær. Men når vi får vonbrotet litt på avstand, så får vi sett det i perspektiv. Erfaringane frå denne helga skal vi bruke til noko positivt, seier Indrebø.

Skal leggje nye planar

Han legg til at Førde var klar over at motstanden vart tøff, og før kampen presiserte Indrebø at det var Randesund som var dei klare favorittane.

– Vi visste kva vi gjekk til. No skal vi riste av oss vonbrotet og ta påskeferie, og så skal vi planleggje korleis vi skal gjere ting endå betre neste sesong, seier Indrebø.

Han rosar spelargruppa som heile tida er genuint interesserte i å ta nye steg for å bli betre.

– Vi skal utvikle oss endå meir og bli endå betre, seier Indrebø.

Han peikar på at erfaring tilseier at mange av dei laga som no spelar i 1. divisjon har spelt kvalifisering både ein, to og tre gonger før dei rykte opp. Og nettopp det at Førde tapte med berre eitt mål mot Randesund, seier også noko om nivået.

– Hadde vi tapt med 15 mål, så hadde det vore noko anna. Men vi tapar med eitt mål. Det betyr at det ikkje er langt opp, seier Indrebø.

Etter helgas kvalifiseringskampar er det klart at dei to laga som rykkjer opp i 1. divisjon i handball for kvinner, er Molde og Randesund.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå