Hopp til innhold

Førde fekk bank i Bergen

Førde sine fotballherrar i 3. divisjon får ein lang tur heim frå Bergen etter at dei tapte heile 6–0 mot Fana. Førde fekk keeper Knut Strand Løseth utvist etter 36 minutt på stillinga 1–0 til Fana. I følgje Firda spelte Førde då med ein utespelar i mål resten av kampen, då dei ikkje hadde reservekeeper på benken. Til pause stod det 2–0 og etter kvilen styrte heimelaget kampen. Førde ligg under nedrykksstreken med sine sju poeng på ti kampar.