Hopp til innhold

Førde får skredsenter

Måndag var Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i Førde for å markere at det er NVE si avdeling i Førde som blir landet sitt nye hovudsete for skredforsking.

Terje Riis-Johansen

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen. Arkiv-foto

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Frå 1. januar i år fekk Noregs vassdrags og energidirektorat hovudansvaret for statleg førebygging av skredulykker. Statsråden meiner det er eit viktig område NVE no får ansvar for.

- Vi ser at mange menneske er utrygge fordi skred går, og derfor er det viktig å gjere meir for å prøve å redusere utryggleiken og å bidra til at menneskeliv ikkje går tapt når ulukker skjer.

Kartleggje og sikre

Seinast i førre veke gjekk eit stort steinras i Lærdal . Det er slike hendingar NVE no får ansvar for å førebyggje.

Kjemperas i Lærdal
Foto: Rein Arne Golf

Ved å kartleggje og sikre farlege områder, og ved å lage nye varslingsmetodar, er målet at NVE skal skape tryggare lokalsamfunn og redusere risikoen for skredulykker.

Distriktspolitikk

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen meiner Førde har kompetansen som skal til for å handtere det nye ansvaret, men vedgår at det og ligg distriktspolitikk bak avgjersla.

- Det var mogleg å leggje denne kompetansen til andre stadar, men det var nokre omsyn som talte for Førde. Det eine er distriktspolitiske omsyn, og i tillegg er det andre institusjonar slik som høgskulen som satsar på dette området .

Ministeren lover pengar til førdekontoret, men seier at det vil ta tid og ikkje er klart frå dag ein.

Fire til seks stillingar

NVE-direktør Agnar Aas.

Agnar Aas

Foto: Kjell Herskedal / SCANPIX

Vassdrags- og energidirektør Agnar Aas seier at førdekontoret no får ansvar for forsking og formidling til heile landet. Han håpar på at dei får fire til seks stillingar til dette.

- Det kjem an på kor mykje midlar vi får tildelt.

Han trur ikkje det vil bli problem med å rekruttere folk til stillingane.

- Eg tek det for gitt at vi klarar å få tak i kompetente folk. Det blir så spennande arbeidsplassar i eit område med mykje ras, at dette skal vi få til.

Tett samarbeid med kommunane

Senteret skal ha eit tett samarbeid med kommunane, der dei skal kartleggje og passe på at det ikkje vert planlagt å byggje ut i dei områda det er fare for ras. Viss kommunane ikkje tek råda til rette, får dei ikkje vedta arealplanane. Då er det Miljøverndepartementet som tek den avgjerda for dei.