Hopp til innhold

Førde er vidare til NM-finalen

I ein fullsett idrettshall i Førdehuset kjempa Førde sine volleyballherrar med nebb og klør om finalebillett i NM. Det vart spenning til siste slutt – men Førde kunne til slutt sleppe laus ein hemningslaus jubel.

Sjå den siste ballvekslinga og den ville jubelen då Førde slo Randaberg og sikra seg plass i NM-finalen i volleyball.

ELLEVILL FEIRING: Sjå den siste ballvekslinga og den ville jubelen då Førde slo Randaberg og sikra seg plass i NM-finalen i volleyball. Foto: Rune Fossum

Førde VBK spelte laurdag ettermiddag om finaleplass i NM. Motstandar i semifinalen var Randaberg, der Førde tapte den første kampen 3–2. Heimelaget var dermed avhengige av å vinne med to sett for å ta seg direkte vidare.

Slik gjekk det derimot ikkje.

Førde møtte tøff motstand, og i dei to første setta spelte laga svært jamt. I første sett var det Førde som trekte det lengste strået og vann 26-24, medan det snudde i sett to der Randaberg tok igjen med 25–20. I tredje sett tok Førde føringa og sikra settsiger 25–9.

Men gjestene frå Randaberg hadde ikkje mista koken og slo hardt tilbake i sett fire. Med 25–21 vann rogalendingane fjerde sett og det var duka for eit svært spennande avslutning.

Mathias Loftesnes

BØTTA INN POENG: Mathias Loftesnes var ein svært viktig spelar for Førde i semifinalen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vart avgjort i eit sjette sett

I siste sett var temperaturen ekstra høg. Førde gjekk opp i leiinga, men Randaberg snuste stadig Førde i nakken. Førde vann settet med 15–9 og det var duka for eit sjette og såkalla golden set. I eit golden set blir det spelt til 15.

Her var Førde-gutane overlegne i starten og leia på eit tidspunkt 9–3. Men rogalendingane byrja ta poeng, før Førde igjen skjerpa seg. Med god hjelp frå publikum vann Førde til slutt ganske overlegent 15-6.

Mathias Loftesnes, Bjarne Nikolai Huus og Håvard Aarrestad var Førde-spelarane som noterte seg med flest poeng.