Hopp til innhold

Førde er fylkessenter

Førde er fylkessenter og naturleg lokaliseringsstad for offentlege – og private tenester som dekker heile fylket. Dette vedtok fylkestinget i dag. I tillegg vart det vedteke at Sogndal er regionsenter i Sogn og at Florø er regionsenter på kysten. Nordfjord har ikkje eit dominerande regionsenter, men fleirkjernestruktur med Måløy, Eid, Sandane og Stryn som jamstilte bu – arbeids – og serviceregionar (BAS-regionar). Samtidig skal Nordfjord også ha regionsenterfunksjonar, går det fram i vedtaket. Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid, Stryn, Måløy, Sandane, Dale, Høyanger og Årdal er senter i BAS – regionane, heiter det i vedtaket i fylkestinget.