Hopp til innhold

No er dei éin kamp unna opprykk - men den avgjerande kampen kan bli utan kapteinen...

Viss Førde sitt damelag slår Randesund søndag, tek dei steget opp i 1. divisjon neste sesong. Men kaptein Maria Oppedal kan måtte sjå kampen frå benken, på grunn av skade.

Maria Oppedal

FEKK EIN SMELL: Førde-kaptein Maria Oppedal fekk ein real smell i kampen mot Molde laurdag, og er usikker på søndagens kvalifiseringskamp.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Maria fekk seg ein skikkeleg smell i kampen mot Molde. Ho får behandling no i kveld, og nett no er det større sjanse for at ho spelar enn at ho ikkje gjer det. Men heilt sikkert er det ikkje, seier trenar Øyvind Indrebø.

Han håpar i det lengste at Oppedal kan gå på bana søndag, når den avgjerande kampen mot Randesund skal spelast.

– Det vil først og fremst vere uheldig for henne, dersom ho ikkje kan spele. Men det vil også vere uheldig for laget. Men dei som spelar, spelar, og det er det vi må ha fokus på, seier Indrebø.

Har fleire med eliteserieerfaring

Han er klar på at Randesund har favorittstempel framfor søndagens kamp.

– Det blir ein tøff kamp. Dei er eit komplett lag med både yngre og eldre spelarar, og fleire av dei har eliteserieerfaring, noko som er viktig i ein slik kamp. Men vi går på bana for å vinne kvar einaste ball, seier Indrebø.

Øyvind Indrebø

GLER SEG: Førde-trenar Øyvind Indrebø er nøktern optimist, men gler seg til søndagens kamp mot Randesund.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I den andre finalen om opprykksplass møter Molde Fjellhammer.

– Det blir ein spennande kamp i morgon. Vi er ved godt mot, og nøkterne optimistar, seier Indrebø.

Var slutt på kreftene

Damelaget spelte to kampar laurdag. Kampen mot Bravo enda 32-22 til Førde. I kampen mot Molde måtte sunnfjordingane bite i det sure eplet og tapte til slutt 20-33 for laget frå Rosenes by.

– Kampane i dag har gått omtrent slik ein kunne spå på førehand. Vi slår Bravomeir enn vi kunne håpe på på førehand, seier Indrebø.

Kampen mot Molde gjekk to timar etter Bravo-kampen, og det merkast nok for spelarane.

– Vi heldt følgje til pause, då vi låg etter med tre mål. Men i første kvarter i 2. omgang klarte vi ikkje hengje med. Det var rett og slett slutt på kreftene, og vi tapte meir enn vi burde, seier Indrebø.

Jobben må gjerast

Molde møtte så Bravo med eit lag utan dei beste spelarane sine, ein kamp som enda uavgjort26-26.

– Dagen har gått som venta. Vi visste at Molde vart tøffe å slå. Og det blir ein tøff kamp i morgon, seier Indrebø.

Han er klar på at livet går vidare, uansett om Førde rykkjer opp eller ei.

– Rykkjer vi opp, så startar jobben med å førebu seg til spel i 1. divisjon. Men tapar vi, skal vi uansett førebu oss til ein ny sesong, seier Indrebø.

Førde vann for knapt éin månad sidan seriemeisterskapen i 2. divisjon i handblal for kvinner då dei slo erkerival Jotun 24-20 på heimebane.